Sterke reaksjonar mot forslag om kasino- og bordelldrift for samar på Unge Høgre sitt landsmøte

Synne Grimen Hammervoll
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sterke reaksjonar mot tulleforslag om kasino- og bordelldrift for samar

På Unge Høgre sitt landsmøte i helga vart det lagt fram eit forslag om å «gi alle samar på eige territorium dispensasjon for å drive kasino- og bordellverksemd». Forslaget blei fremma av Hordaland Unge Høgre-politikar Tobias Strandskog.

– Eg prøvde å vere litt morosam ein søndag morgon, sa Strandskog om forslaget under debatten.

Han la òg til at han rekna med at salen skulle forstå at forslaget var på tull.

Sjølv om forslaget var meint som ein spøk gjekk det vidare til avstemming der det vart nedstemt. Ein video lagt ut på Unge Høgre si Facebook-side viser at forslaget likevel fekk stor oppslutning.

– Avslører partiets haldningar

Leiar i den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh, Davvet Bruun-Solbakk, meiner partiet skulle ha halde seg for gode for spøken.

– Sjølv om det var meint som ein spøk, går det på bekostning av ein minoritet. Eg tykkjer eigentleg ikkje at det var så veldig morosamt heller, seier han, og legg til: 

Dávvet Solbakk er leiar i den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh. Foto: Beate Haugtrø

Dávvet Solbakk er leiar i den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh. Foto: Beate Haugtrø

 Det blei dratt så langt, og at det faktisk var ei avstemming der eit større mindretal stemte for. Det avslører jo litt kva haldningar ein har i partiet.

Bruun-Solbakk trur hendinga kan gå utover samisk ungdom sitt forhold til partiet.

– Det vil jo føre til at mange unge samar ikkje føler dei blir tatt på alvor av partiet. Samisk kultur og samisk kvardag er ikkje nokon spøk.

Meldte seg ut av partiet

Leiar av Finnmark Unge Høgre, Sharon Fjellvang seier til NRK at ho ikkje tok forslaget personleg og at dei fleste i salen skjønte at det var spøk.

– Men det var sjølvsagt uheldig at det blei ein del av ei avstemning. Det var rett og slett eit dårleg forslag.

I etterkant har Nils Kristian Winther valt å melde seg ut av Unge Høgre til fordel for moderpartiet.

– At landsmøtet, som Unge Høgre sitt høgste organ tek det opp til votering, og ein høyrer lyden av vill jubel i salen frå folk som stemmer for forslaget, det sjokkerar meg veldig, seier Winther til NRK.