Buss med solpanel på taket blir testa ut

Ti rutebussar med solceller på taket skal rulle rundt på Ringerike i sommar. Det kan spare miljøet for 30 tonn CO2 i året.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Solcellepanela er utvikla av selskapet Green Energy AS og har saman med Nettbuss fått støtte frå Enova for å demonstrere solcelleteknologi brukt på bussar.

Den nye teknologien brukar overflatene på bussen og gjer det mogleg å produsere straum med gratis energi frå sola. Dette reduserer drivstofforbruket med cirka 5 prosent og varetar bussbatteria på ein god måte. Solpanela produserer straum nok til å halde i gang billettmaskin, klimaanlegg og belysning.

Ei stund til det blir eit vanleg syn

– Det er nok ei stund fram til dette blir eit vanleg syn på busstak rundt omkring, men det er demonstrasjonsprosjekt som dette som må til for å komme dit, seier marknadssjef Ole Aksel Sivertsen i Enova.

Bussane i testprosjektet vil i hovudsak køyre lokalt på Ringerike, og mellom Hønefoss og Oslo i kontrakt med oppdragsgivar Brakar, som er ansvarleg for drift og utviklinga av kollektivtrafikken i Buskerud.