Store forskjellar i studentprisar på årskort for buss
Studentrabattane på årskort til kollektivtransport varierer mykje mellom dei største studentbyane.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kollektivselskapa i Oslo og Kristiansand har ikkje eit slikt tilbod i det heile, fortel NRK.
Etter reglane skal alle skuleelvar og studentar under 30 år få tilbod om periodebillettar med 40 prosents rabatt. Det får dei òg på årskorta i både Stavanger, Bergen og Trondheim, men ikkje i Oslo og Kristiansand. I Oslo meiner kollektivselskapet Ruter at det ikkje er mogleg å lage eit slikt årskort, mens Agder kollektivtrafikk (AKT) i Kristiansand meiner det ikkje er behov.
Vil ikkje tilby heilårskort
I Oslo kostar eit årskort ein student 2.000 kroner meir enn tolv månadskort med studentrabatt. Ruter meiner at oppdelinga av studieåret i to ulike semester gjer det umogleg å tilby heilårsbillett.
– Studentbilletten gjeld berre saman med gyldig studentbevis frå utdanningsstaden. Ettersom det er to ulike semester i året, kan vi ikkje tilby eit heilårskort til denne kundekategorien, seier pressevakt Øystein Dahl Johansen i Ruter til NRK.
I Stavanger kostar eit årskort med studentrabatt halvparten så mykje som i Oslo, 3.200 kroner. I Trondheim og Bergen er prisen høvesvis 4.560 og 4.850 kroner. I Oslo må studentane ut med til saman 5.304 kroner for tolv rabatterte månadskort og i Kristiansand nesten like mykje.

Kai Steffen Østensen i Studentorganisasjonen i Agder. Foto: Ap
Ønskjer landsdekkande tilbod
Kai Steffen Østensen i Studentorganisasjonen i Agder meiner årskort er eit nødvendig tilbod for studentar som både bur, arbeider og studerer i same by. Han ønskjer seg eit landsdekkjande tilbod om årskort for studentar.
– Politikarane må satse på studentane og sikre oss eit kollektivtilbod vi kan bruke, ikkje tvinge oss til å bruke pengar vi ikkje har, seier Østensen til NRK. (©NPK)