Skal lage raudliste for trua naturopplevingar
WWF og Norsk Friluftsliv inviterer no folk over heile landet til å nominere naturopplevingar dei oppfattar som trua og er redde for å miste. Ein frittståande jury skal setje forslaga saman til den første raudlista over naturopplevingar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Rike naturopplevingar er utruleg viktige for veldig mange her i landet. Samtidig veit vi at vi endrar både naturen og vår eigen livsstil raskare enn nokon gong, seier generalsekretær Lasse Heimdal i paraplyorganisasjonen Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.
No vil dei saman med Verdsnaturfondet (WWF) finne ut meir om kva slike forandringar betyr for opplevingane og turgleda til folk, og setje søkjelys på naturopplevingar folk landet rundt meiner er verdt å ta vare på.
Stort press på naturen
– Menneskeskapte endringar i naturen påverkar moglegheitene til friluftsliv og naturopplevingar. Vi har varmare klima, meir plastsøppel og nye typar forureining. Vi endrar landskapet med moderne jord- og skogbruk, og med å byggje kraftverk, vegar, hytter og hus. Nye artar kjem inn, medan andre blir meir eller mindre borte, seier Bård Vegar Solhjell i WWF.
Med raudlista for naturopplevingar ønskjer dei å vise kva det betyr for folk at slike og andre endringar skjer.
Raudlista skal lagast med utgangspunkt i nominasjonar frå publikum. WWF og Norsk Friluftsliv spreier no invitasjonar til organisasjonar, fagmiljø og enkeltpersonar, der folk blir bedne om å fortelje om naturopplevingar dei synest er verdifulle – og som dei av ein eller annan grunn er redde for å miste.
Skape medvit om verdiar
Forslaga som kjem inn vil bli vurderte av ein uavhengig jury. Juryleiar er forfattar og journalist Sigri Sandberg. Ho vonar prosjektet kan bidra til å skape større medvit om verdiar som står i fare.
– Medvit trengst alltid. For først når vi verkeleg forstår kva vi har og kor mykje det betyr for oss, kan vi ane tapet ved å miste det. Og kanskje rekke å gjere noko før det er for seint. For meg er det medvitet dette initiativet handlar om, seier Sigri Sandberg.
Dei andre jurymedlemmene er NRKs programleiar Kari Toft, biologiprofessor Dag O. Hessen, bloggar og Hold Norge Rent-aktivist Malin Jacob, og redaktør Knut Brevik i blada Villmarksliv, Jakt og Alt om Fiske.
Les også: Australiar vil selge norsk luft på boks