Australiar vil selje norsk luft på boks
Australiaren Rory Patterson vil selje frisk norsk luft på sprayflasker til turistar gjennom gründerfirmaet Pure Norway Air på Vågestranda i Rauma.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei miljøvennlege boksane skal dekorerast med norsk natur og seljast til turistar som kjem frå meir forureina strøk av verda. I første omgang tilbyr selskapet fire variantar: Geiranger, Lofoten, Norge og Trollstigen.
– For turistar som bur i sterkt ureina område, må dette vere ein unik suvenir å ta med seg heim. For andre kan det vere ei spesiell gåve, der dei lèt andre ta del i den opplevinga dei sjølve har hatt, seier Patterson til NRK.
Meir enn eit luftslott
Patterson får no hjelp til lanseringa av den luftige nyvinninga frå næringsutviklingsselskapet Nordveggen AS på Åndalsnes i Rauma.
Prosjektleiar Ane Marte Almås Hammerø i Nordveggen innrømmer at dei lurte litt da Rory Patterson kom til dei med ideen, men såg fort at sprayflaskene kan vere meir enn eit luftslott. Frisk luft på boks er allereie butikk i Asia.
– Frisk luft på boks kan vere eit alternativ til norske troll som er produserte i Kina, trur Hammerø.
- Les også: Smog får folk til å immigrere