Snakk høgare om porno!
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Ytringa er først publisert i Under Dusken.
Hadde eg vore diktator for ein dag, så hadde eg innført obligatorisk særoppgave om pornoindustrien i skulen. Oppgåva skulle handla om emosjonelle og kulturelle konsekvensar og ha ei sterk oppfordring til kritisk tenking og å belysa så mange sider av debatten som mogleg.
Eg meiner at eit medvite og opplyst menneske vil kunna forhalda seg til erotisk underhaldning på ein sunn måte.
Det er så alt for enkelt – og freistande – å leggja skulda for overgrep, maktmisbruk og det dårlege sjølvbiletet til ungdom på porno. Eg meiner det er ei enorm ansvarsfråskriving. Å ta problemet ved rota ville vera å innrømma at vi må tenkja nytt på sjølve verdigrunnlaget samfunnet kviler på.
Eit skulesystem der prestasjon er viktigare enn empati
Det var ikkje pornoindustrien som skapte ein kultur for barneoppseding der det meste brukte ordet er «Så flink du er!». Det var ikkje pornobransjen som skapte eit skulesystem der prestasjon er viktigare enn empati.
Det var heller ikkje pornoindustrien som nekta å læra så mange menneske å takla kjensler som usikkerheit, redsel eller nervøsitet på ein god og ærleg måte.
Det er politikarane som har valt å prioritera eit utdanningssystem som legg meir vekt på prestasjon enn på eigenverd.
Dette meiner eg er direkte overførbart til det seksuelle. Det ikkje rart at dei som står ustøtt søkjer til nettporno for å finna måtar å kompensera på i senga. For det er så mye viktigare å prestera bra, enn å ha det bra.
Og kva vil det seia å prestera bra når det kjem til sex? Jo, det må vel vera slik som på film det, då. Kva anna har ein å samanlikna med?
Problemet med erotisk underhaldning er altså ikkje at han finst. Problemet oppstår når han vert kombinert med kulturelt prestasjonsjag, ein pervers søken etter profitt, og ein utbreidd emosjonell inkompetanse i befolkninga.
Men skuleverket fokuserer enno meir på matematikk enn på korleis ein møter prestasjons- og statusjag samstundes som ein tar vare på sine eigne verdiar.
Elevane puggar det periodiske system, men dei veit ikkje korleis ein taklar å kjenna seg usikker, utilstrekkeleg, motlaus eller overvelda på ein god måte. Det vert lett overført til den seksuelle åtferda deira.
Ingen å snakke med om porno
Samstundes vert det drive kollektiv omsorgssvikt fordi alt for få ansvarshavande snakkar tydeleg, ærleg og skamlaust om porno. Unge som møter porno i elleve-tolv-årsalderen høyrer kanskje ingen vaksne snakka om porno på ein god måte før dei kjem i tjueåra.
Det er katastrofalt for møtet deira med eigen seksualitet. Eg meiner vi må snakka mykje meir om porno. Og eg meiner vi må endra verdisyn.
Fram til empati vert viktigare enn gangetabellen, og EQ vert like viktig som IQ, kan vi gløyma å få bukt med låg sjølvkjensle, maktmisbruk og overgrep. Å skulda på porno åleine er berre feigt. Då blomstrar dei destruktive kreftene som kosar seg på bekostning av det usikre mennesket.
Omsett til nynorsk med velvilje frå artikkelforfattaren.
- Les også: Ikkje fortel ein fireåring at ho er fin