Kva tryggleik gir ytringsfridomen?
Ytringstryggleik er ikkje berre eit likestillingsspørsmål, men ein føresetnad for eit levande og sterkt demokrati og samfunn, skriv Martine Folkestad.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Eg er stolt av å bu i Noreg, og eg er stolt av landet mitt. Eg er stolt over ytringsfridommen vi har, men eg må likevel stille spørsmål ved kva tryggleik ytringsfridommen gir.
Ytringsfridommen gir oss moglegheita til å ytre oss utan å bli forfølgde for meiningane våre. Realiteten er likevel at det kjem usaklege kommentarar, både i verkelegheita og på nett, og eg opplever at dei kjem oftare til kvinner enn til menn.
Dette kan vi til dømes sjå i kommentarfelt på sosiale medium og i offentlege debattar. Kommentarane inviterer sjeldan til sakleg diskusjon, men er som regel usaklege ytringar som går på kjønn, seksualitet eller etnisitet. Slike ytringar gjer at mange vegrar seg for å delta, rett og slett fordi det ikkje er behageleg å bli utsett for hets og personangrep, og det skjønar eg at dei ikkje vil.
Risikerer eit svekka demokrati
Eg blir provosert av at problemet blir bagatellisert, og kvinner skulda for å vere «for følsame». Ei slik handling flyttar ansvaret bort frå dei som kjem med hets, og det gjer det lettare for eit samfunn å akseptere slike ytringar.
Det som likevel provoserer meg mest, er at dette vert framstilt som eit problem for enkeltpersonar, og ikkje eit demokratisk problem. Eit demokrati føreset frie val og rettstryggleik, men viktigast av alt ytringsfridommen. Dersom delar av folkemengda, som til dømes minoritetskvinner, har høgare terskel for å delta i samfunnsdebatten, blir demokratiet svekka.
Ytringstryggleik er ikkje berre eit likestillingsspørsmål, men ein føresetnad for eit levande og sterkt demokrati og samfunn.
Stor samla effekt
Eg er glad for at stadig fleire tek denne debatten, og at problemet får merksemd i det offentlege rommet. Samstundes er det ikkje nok å berre snakke om det, det må komme konkrete endringar. Det handlar både om haldningsendringar, tydelegare ansvar hos plattformer, politiet og politikarar, og ein større vilje til å seie frå når grensene blir kryssa.
Tryggleik handlar om å kunne uttale seg utan å vere redd for konsekvensane. Éin kommentar på Facebook gjer kanskje ikkje så mykje, men når det kjem hundrevis av kommentarar, får orda ei heilt anna betydning og kraft. Korleis kan vi skryte av ytringstryggleiken om ikkje alle kjenner seg trygge i samfunnsdebatten?






