Venstre-toppar vurderer legalisering av narkotikabruk
Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark foreslår regulering av rusmiddel og vurdering av sal i kontrollerte former. Han får støtte frå fleire i moderpartiet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Fleire rusmiddel, som cannabis og LSD, er mindre skadelege enn alkohol. Vi meiner at ein del av dei rusmidla som i dag er forbodne, må regulerast på ein annan måte og vil vurdere sal i kontrollerte former, seier Hansmark til Aftenposten.
Bør det bli lov til å selje enkelte rusmiddel?
Bør det bli lov til å selje enkelte rusmiddel?
Skal få behandling
Saman med helsepolitiske talsmann Carl-Erik Grimstad og byråd for sosial, bustad og inkludering i Bergen Erlend Horn, foreslår han å «klassifisere rusmiddel etter skadepotensial og regulere tilgangen til dei deretter».
- LES OGSÅ: Marihuanabruken dobla på eit tiår
Regjeringa har nyleg sett ned eit utval som skal førebu ei rusreform der behandling står i sentrum, i staden for straff.
Statssekretæren vil vurdere
– Rusreforma vil sørgje for at vi sluttar å putte narkomane i fengsel, men den tar seg ikkje av eit anna problem – ein stort, svart marknad med kyniske kriminelle og farlege stoff med ukjent innhald. Då må vi sjå på løysingar også der, seier statssekretær i Justisdepartementet Sveinung Rotevatn (V).
Han viser til Canada og statar i USA som har legalisert cannabis, der bruken ikkje har auka mykje etter at salet kom inn i lovlege former. Han trur heller ikkje rekruttering til tyngre stoff vil auke.
– Folk begynner ikkje med heroin sjølv om dei drikk vin, seier Rotevatn.