Islandsk ungdom best i Europa

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Islandsk ungdom var verst i Europa på drikking av alkoholhaldige drikkar, røyking og narkotikabruk, men i dag er dei best i Europa. Til dømes hadde 42 prosent av islandsk ungdom vore fulle ein gong i 1998, medan talet no berre er 5 prosent. Gjennomsnittet i europeiske land ligg på 35 prosent i dag.

Det er òg berre omlag 6 prosent som røykar og brukar narkotiske stoff på Island i dag, medan gjennomsnittet i dei europeiske landa er på kring 21 og 16 prosent.

Denne valdsame endringa har fem hovudårsaker, ifølgje BBC:

  1. Fast leggjetid for alle under 16 år klokka 22.00. Foreldregrupper vandrar ikring i nabolaget for å passe på at ingen under denne alderen er ute og heng etter dette tidspunktet.
  2. Foreldre skriv under på felles reglar for korleis ungane deira skal oppføre seg. Til dømes er det vanleg med totalforbod mot alkohol, samt felles måltid med familien.
  3. Ungane vert halde aktive etter skulen. Dei får alle kvart år ein kupong verd 500 amerikanske dollar, eller omlag 4200 norske kroner, som dei kan betale ulike fritidsaktiviteter etter skulen med, til dømes er fotball ein særs populær aktivitet som dette.
  4. Alle tenåringar må fylle ut ei spørjeundersøking kvart år der dei blir spurde om kva høve dei har til andre og til familien sin, kor mykje ulovlege narkotiske stoff dei brukar og korleis dei har det om dagen. Desse undersøkjingane lagar eit grunnlag for rapportar som lokale styresmakter brukar til å avgjere korleis dei skal utforme ungdomspolitikken sin kvar einskild stad.
  5. Politikarane er med på prosessen, snakkar med foreldre og løyvar tilskot til dei tiltaka som forskarane og foreldre meiner er naudsynt i denne samanhengen.

LES OGSÅ: Færre og færre ungdomar røyker og drikk