Vann skrivekonkurranse om skulen for framtida

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Media er ein super kanal for å ytre sine meiningar. Det er viktig at me unge, som veit korleis det er å gå på skulen med dagens læreplan, kjem på banen, seier Ida Heggland frå Tysnes. Ho er strålande nøgd med å vinna skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett.

Ho og Tomine Berge deler premiepotten på 3000 kroner.

– Skulane må førebu unge på framtida

Ida Heggland er elev ved Bergen katedralskole, og kjem frå Tysnes. Foto: privat

Ida Heggland er medlem av Ungdommens fylkesutval i Hordaland, og sit som nestleiar i Tysnes Ungdomsråd. Ho er òg med i elevrådet på Bergen Katedralskole.

Ho skriv om at skulen bør bli meir konkret, og betre på å førebu elevane på framtida.

– Synest du lærarane og politikarane er flinke til å høyra og spørja elevane om råd til korleis undervisinga kan bli betre og meir variert?

– Eg vil seia både òg. Eg har ikkje høyrt at nokre av mine lærarar har tatt opp forslaget til ny læreplanar, heller ikkje har det vore ei sak oppe i elevrådet. I tillegg er det svært få av lærarane mine som spør meg om korleis timen kan bli betre for læringa, og er fast bestemt på at sin metode er best.

Ida Heggland meiner politikarane bør høyra på av elevane når dei skal vedta nye læreplanar.

– Samtidig veit eg at det er mange flinke unge politikarar der ute, som er flinke til å nytte seg av media og bli høyrt av dei store politikarane. Ungdom veit kanskje ikkje alltid korleis dei skal nå ut, og dei store politikarane nyttar seg heller ikkje alltid av alle dei flinke unge!

Ligg i genene

Ho trur at det beste hjelpemiddelet for å bli høyrt er å vere politisk aktiv og å skaffa seg eit nettverk, og å nytte seg av avisa.

– Eg syns det er svært kjekt å skriva, eg er frilansar for avisa der eg kjem frå, i tillegg var oldefar min forfattar, så det ligg litt i genene, ler ho. Oldefar hennar var diktarhovdingen Johannes Heggland, mangeårig formann i Forfattarforeininga.

Kva ho skal gjera etter vidaregåande er ho enno usikker på.

– Men eg vil gå noko innan samfunnsfag, kanskje sosiolog eller juss.

For tida bur den unge tysnesingen på hybel i Os kommune. Til sommaren flyttar ho til Bergen.

– Det var eigentleg ganske tilfeldig at eg kom over denne konkurransen, då eg såg den på ein annan sin pc, fortel Ida Heggland.

Les bidraget til Ida Heggland her!

Tomine Berge går på TAF elektro på Knarvik vidaregåande. Foto: Øyvind Engevik

Ønskjer seg meir framandspråk

– Eg er utruleg glad for å vinne denne prisen! seier Tomine Berge frå Bruvik på Osterøy. Ho er den andre vinnaren av skrivekonkurransen, går til vanleg på Knarvik vidaregåande. Ho vann med innlegget: «Oui oui, monsieur, meir framandspråk, takk!»

– På ungdomskulen hadde eg spansk som framandspråk, men det er dessverre ikkje mogleg å ha framandspråk på den linja eg går på på vidaregåande.

– Kjekt å skriva

Tomine Berge går på TAF elektro. Linja går over fire år, og gjer at ho får både spesiell studiekompetanse og fagbrev som dataelektronikar.

– På Knarvik kan ein velja mellom dei meir «standard» framandspråka, som er fransk, tysk og spansk. Eg meiner at det burde våre mogleg å velja mellom fleire språk, som til dømes kinesisk som er eit svært utbreidd og viktig språk i verda. Eg er veldig fornøgd med skulen min slik som den er, men eg meiner at studieretninga mi òg burde fått tilbod om å ha framandspråk.

– Eg synest det er svært kjekt å skriva, og norsk er soleklart favorittfaget mitt på skulen.

Det er mykje eg har lyst til å gjera etter vidaregåande, men eg har ikkje heilt bestemt meg enno, avsluttar Tomine Berge.

Les bidraget til Tomine Berge her!