Éin av fem på allergimedisin i fjor
Over 900.000 nordmenn henta ut allergimiddel på resept i fjor, rundt fem prosent fleire enn året før, viser statistikk frå Reseptregisteret ved Folkehelseinstituttet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Blant kvinnene fekk vel 20 prosent utlevert eit allergimiddel på resept i fjor, mot 15 prosent av mennene, viser statistikken.
– Bruken av allergimiddel varierer med pollensesongen, og 2017 var eit år der mange var plaga, seier seniorrådgivar Christian Berg i Folkehelseinstituttet.
Antihistamin, antiallergiske nasesprayar og augedropar
Dei siste ti åra har prosentdelen av befolkninga som fekk utlevert minst eitt allergimiddel auka med 19 prosent.
Allergimiddela omfattar tablettar med antihistamin, antiallergiske nasesprayar og augedropar.
- Les også: Kva skjer med kroppen etter at vi døyr?