Uroa for klimaendringane
Seks av ti ungdommar meiner norske politikarar gjer altfor lite for å avgrense klimautsleppa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Ungdomane forventar større innsats frå politikarane for å kutte utslipp av klimagassar, seier Kari Laumann, prosjektleiar i Teknologirådet i ei pressemelding fredag i høve lanseringa av ”Klimatoppmøte i skulen” i Bergen. Undervisningsopplegget om global oppvarming og dei internasjonale klimaforhandlingane er laga for elevar på ungdomsskulen og vidaregåande trinn.
Fryktar for framtida
Teknologirådet har kartlagt haldningar til klima og global oppvarming blant ungdom i alderen 13–17 år.
73 prosent trur det vil bli fleire naturkatastrofar i framtida på grunn av global oppvarming, og 69 prosent er bekymra for konsekvensane av klimaendring. Seks av ti meiner konsekvensane av klimaendringane har noko å seia for dei i dag, går det fram av undersøkinga som TNS Gallup gjennomførde i august 2010 for Teknologirådet blant 608 ungdomar.
Skule og media viktige
TV (73 prosent), skule (72 prosent) og internett (58 prosent) er dei viktigaste kjeldene til ungdomane til informasjon om global oppvarming.
– Det er dagens unge som skal leve med og hamle opp med klimautfordringane i framtida, og det er viktig at dei får sjansen til å forstå og ta del i klimadebatten. Skulen må sjå ansvaret sitt som hovudkjelde til klimakunnskap, oppfordrar Laumann, som har utvikla undervisningsopplegget som tek skuleungdom rett til kjernen i debatten.
Før klimatoppmøtet til FN i København i fjor, var det tett mellom debatt- og medieinnslaga om klima, i tillegg til fleire kampanjar og undervisningsopplegg retta mot skulen.
– Det hastar no meir enn nokosinne å finne ei løysing. Likevel ser vi at klimaforhandlingane i mindre grad er del av den offentlege debatten i år samanlikna med før København-toppmøtet. Vi håpar dette rollespillet vil bidra til god debatt og engasjement i skulen, seier Kari Laumann.