Malta gir stemmerett til 16-åringar

Stadig fleire land får lågare stemmerettsalder. No håpar Unge Venstre på ny debatt i Noreg.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den maltesiske nasjonalforsamlinga vedtok måndag samsrøystes å innføra stemmerett for 16-åringar i nasjonale val. 16-åringane på Malta har hatt høve til å stemma i lokalval sidan 2018.

Av dei kring 437.000 innbyggjarane på øystaten i Middelhavet, er det no 8500 fleire som får høve til å stemma i nasjonalvalet.

Det nasjonale ungdomsrådet på Malta uttalte ifølgje Times of Malta før vedtaket at så lenge ungdom på 16 år har lov til å jobba og må betala skatt, så bør dei òg få lov til å bestemma over kva skattepengane skal gå til.

Nei til vidare stemmerettsforsøk i Noreg

Austerrike var det første landet i Europa som innførte stemmerett for 16-åringar i nasjonale val. 16-åringar har stemmerett i lokalval i Estland og i enkelte tyske delstatar. I Skottland har 16-åringane stemmerett i valet til det skotske parlamentet og lokalval. Hellas innførte stemmerett for 17-åringar i 2016.

I lokalvala i 2011 og 2015 hadde 20 kommunar i Noreg forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringane i lokalvalet.

Men i mai 2017 sa regjeringa nei til vidare forsøk.

LES OGSÅ: Vil gje stemmerett for babyar

Vil ta kampen for lågare stemmerett

Både Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Sosialistisk Venstreparti og ungdomspartia deira ønskjer stemmerett for 16-åringar i både stortings- og lokalval. Raudt og AUF ønskjer stemmerett for 16-åringar i lokalval.

Sondre Hansmark

Leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark. Foto: Unge Venstre

Arbeidarpartiet har programfesta at dei ønskjer å vidareføra og utvida forsøket med stemmerett for 16-åringar.

– Me vil ta kampen for å halda fram, og utvida, forsøket med stemmerett for 16-åringar, seier Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark til Framtida.no.

– Det beste ville vera om alle 16-åringar fekk vera med på å stemma, legg han til.

LES OGSÅ: Å røyste tidleg kan gi meirsmak