Brakval for Demokratane i USA

I morgontimane onsdag blei det klart at Demokratane får fleirtal i både Representantanes hus og Senatet.

Einar Nygaard
Publisert

Onsdag morgon begynte resultata frå røystene å renne inn etter mellomvalet i USA. Det blei raskt klart at Demokratane er valets store vinnarar.

I tillegg til forventa sigrar, har Demokratane vunne fleire viktige vippestatar. Det måtte dei for å få fleirtal i Kongressen, som dei no har.

Med det har president Donald Trump mista mykje av makta si som president.

Trump kan bli etterforska

Med fleirtal i Kongressen kan Demokratane no bestemme kva lover som går igjennom, og dei får kontroll over statsbudsjettet.

Kva er kongressen?

Kongressen i USA liknar Noregs storting, men er delt i to kammer:

Representantanes hus, eller berre Huset, har 435 folkevalde politikarar. Dei sit i periodar på to år, og alle representantane i Huset skulle no røystast over.

Senatet har derimot 100 senatorar, to frå kvar delstat. Desse sit i ein periode på seks år, men ikkje alle blir valde inn samstundes. I år er det 35 plassar som skulle røystast om. 

Treng du ein grundigare gjennomgang? Då kan du lese denne saka frå arkivet: Kort forklart: Mellomvalet i USA og kvifor det er viktig

Fleirtal i Kongressen betyr òg at Trump og administrasjonen hans no kan bli etterforska, for å sjå om han eller folk rundt han har gjort noko ulovleg medan han var president.

Samstundes er ikkje Trump heilt utan makt. Han kan til dømes framleis starte nye krigar, benåde dømte og skrive ut presidentordrar.

Overraskande sigrar

Før valet tyda meiningsmålingane på at Demokratane kom til å vinne Representantanes hus, men at det blei jamt i senatvalet.

Særleg sju statar blei spådd å vere svært jamne. Av dei er det berre Alaska som førebels ser ut til å gå til Republikanarane.

Dei andre seks får senatorar frå Demokratane. Nokre av desse blir sett på som overraskande sigrar, som i Texas og Kansas.

Før valet var desse sju statane dei mest usikre. Demokratane har vunne i seks av dei. | Illustrasjon via Canva

I Texas har det ikkje vore ein senator frå Demokratane sidan 1988, og Kansas får sin fyrste senator frå Demokratane på 94 år.

Det plar vere slik at den sittande presidenten mister sete i Kongressen under mellomval, men omfanget av Demokratanes siger i dette valet blir beskrive som overraskande.

Siger til El-Sayed

Blant dei mest profilerte vala, var senatorvalet i Michigan. Det var den einaste staten der Republikanarane var spådd å ha ein sjanse til å ta frå Demokratane eit sete dei allereie hadde i Senatet.

Til slutt blei det demokraten Abdul El-Sayed som gjekk sigrande ut.

Han har skapt mykje debatt for sin kritikk av Israel og immigrasjonsmyndigheita ICE.

Fleire som er fyrst

I tillegg til val for Kongressen, har det og vore val av guvernørar. Guvernøren er leiar for regjeringa i ein stat.

Her har Keisha Lance Bottoms utmerkt seg.

Under kan du lese om ho og andre sigrande demokratar verdt å merke seg, mellom anna USA sin fyrste opent skeive senator.