Å røyste tidleg kan gi meirsmak

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg synest heilt klart at 16 – og 17-åringar må ha røysterett. Vi har nok i hovudet til å vere med og bestemme over utviklinga i kommunen vår, seier Synnøve Berstad (16). Ho er elev i fyrste klasse ved elektrolina ved Eid vidaregåande skule i Sogn og Fjordane, og deltok i prøveprosjektet og stemte ved valet hausten 2015.

Ho bur i bygda Kjølsdalen som ligg ein halvtime frå kommunesenteret. Ei av dei viktigaste politiske sakene for ho, er kor skulane skal ligge.

– Det har vore mykje diskusjon kring skulestruktur i kommunen vår. Ofte handlar det om at alt skal sentraliserast. Det siste no var at dei ynska å flytte SFO-en inn til sentrum og at foreldra skulle køyre ungane den halvtimen frå skulen til SFO. Heldigvis vart ikkje det noko av, seier Berstad.

LES OGSÅ: Vil gi stemmerett til babyar

To forsøk med unge
Det har vorte gjennomført to forsøk med nedsett røysterettsalder til 16 år i Noreg. Målet er å få unge med som aktive innbyggjarar i lokalsamfunna. Fyrste forsøk var ved kommunestyrevalet i 2011, og no sist ved kommunestyrevalet i 2015.

I samband med skulevala i 2011 og 2015, vart både elevane og eit representativt utval av det norske folk bedne om å seia seg samde eller usamde med påstanden:  «Røysterettsalderen i Noreg bør setjast ned frå 18 til 16 år».

I 2015 var nesten halvparten av 16- og 17-åringane i forsøkskommunane samde i påstanden. Blant 16- og 17-åringar generelt i heile landet, var denne delen omlag 34 prosent. Dette syner at elever som var med på prøveprosjektet og fekk røyste, er langt meir positive til å senke røystealderen enn dei på 16 og 17 som ikkje har vore med.

LES OGSÅ: Har Kongen stemmerett?

Teikn på politisk engasjement
– Kanskje er det eit teikn på at elevane er nøgde med sin nyvunne rett, og at forsøket har vore med på å kveikja det politiske engasjementet deira? Særleg sidan andre 16- og 17-åringar uttrykkjer større skepsis, er det grunn til å tru at forsøket i seg sjølv har hatt ein stimulerande effekt, seier Atle Jåstad, prosjektleiar for skuleval hjå Norsk samfunnvitenskapelig datatjeneste (NSD). Det er NSD som har innhenta statistikken kring lokalvalet og prøveprosjekta kring senka røystealder.

Blant elevar med røysterett, var 23 prosent samde i påstanden, og blant nordmenn generelt, rundt 20 prosent. Dette mønsteret gjaldt også i 2011, syner tala frå NSD.

Jåstad meiner det ikkje er så uventa at folket er meir kritisk til å setje ned røysterettsalderen enn forsøkselevane.

– Men det er likevel interessant å sjå kor stor del av forsøkselevane som uttrykkjer semje med påstanden, seier Jåstad.

LES OGSÅ: – Me blir overkøyrt utan stemmerett

Meir opptekne av politikk
Då Berstad og klassekameratane fekk røysterett i haust, førte det til at dei diskuterte mykje meir politikk – både på fritida og på skulen.

– Vi snakka om kva for parti vi ville røyste på, eller ikkje røyste på, og kva for saker som vi var opptekne av. Det var veldig kjekt å snakke så mykje om politikk med så mange, seier Berstad.

LES OGSÅ:Er grensa på 18 år katastrofal?

Dette svarte elevane i skulevalet i haust på spørsmålet: Bør røysterettsalderen senkjast til 16 år?

  Heilt einig Nokså einig Både og Nokså ueinig Helt ueinig
16- og 17-åringar frå forsøkskommunane 32 18,5 24,4 12 13
18 år eller eldre frå forsøkskommunane 19,9 15,8 28,1 14,4 21,9
Ikkje frå forsøkskommunane 15,4 12 24,4 18,9 29,5
Total 16,8 12,6 24,5 18,2 28