Vil gje stemmerett til babyar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil gje stemme- rett til babyar

Eldre og born er dei største brukarane av velferdsstaten. Men berre eldre har stemmerett. Kva vil skje med oppvekstvilkåra til born når det blir stadig fleire eldre som treng pleie og omsorg?

Kristin Clement, tidlegare Høgre-statsråd og no leiar for den liberale tankesmia Civita, meiner det vil vera mest demokratisk om alle får stemmerett frå fødselen av.

I ein debatt allereie i 1994 føreslo ho å la alle born få stemmerett på fødestova. Foreldra skulle først administrera stemmeretten, men etter dei byrja på skulen skulle borna få stemma sjølv. På spørsmål om ho meiner det same no, seier ho dette til Framtida.no:

– Eg har same haldning: Eg synest det er noko ein rett og slett kan vurdere – for og mot. Eg trur nok likevel eg må reservere meg litt mot ei aldersgrense ved skulestart. Den bør kanskje setjast noko høgare av omsyn til den kognitive utviklinga til barnet. Det viktige her er jo at denne stemmeretten i ganske mange år blir forvalta av foreldra – det vil seia at ein familie på fem får større vekt enn ein familie på to. Det er jo ikkje sikkert at det er så udemokratisk…?

– Bør dette få konsekvensar for myndigheitsalder eller den kriminelle lågalderen?

– Eg meiner ikkje at dette automatisk bør få konsekvensar for myndigheitsalderen eller andre aldersgrenser. Allereie i dag har vi jo ulike aldersgrenser, og det kan ein enno ha.

I grunnlova frå 1814 var det forskjell mellom aldersgrensa for å stemma, stilla til val, myndigheitsalder og kriminell lågalder.

LES OGSÅ: 17-åringen som blei grunnlovsfar

Blir støtta av fleire barneombod
Unge Venstre, Sosialistisk Ungdom og Raud Ungdom går i dag inn for stemmerett for 16-åringar. AUF, Senterungdommen og KrFU er i tenkjeboksen.

Ingen parti har så langt gått inn for innføra endå lågare grense for å delta i val.

– For det meste er det stemmerett for 16-åringar som har vore eit spørsmål i fleire europeiske land. Stemmerett frå fødselen av, administrert av foreldra har vore oppe fleire andre stader. Barneombod i nokre tyske delstatar har argumentert for dette, seier Guro Ødegård, forskar ved Institutt for samfunnsforsking til Framtida.no. Ho er blant forskarane som evaluerer forsøket med stemmerett for 16-åringar i 20 kommunar i haust.

Thomas Wrigglesworth ved det norske barneombodet seier at dei ikkje har tatt stilling til å la alle born få stemmerett til fødselen.

– Det me er opptatt av no er at alle 16- og 17-åringar skal få stemma i lokalvala.

LES OGSÅ: – Slik bør ungdom få meir makt

– Akutt naudsynt med lågare aldersgrense
Professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot, uttala før valet at pensjonistar aldri har vore meir egoistiske enn no.

LES SAKA: Aarebrot om pensjonistar: – Enkle, egoistiske bandittar

Mens eldre for 40 år sidan oppgav ei ungdomssak som ei viktig grunn til å gå å stemma, er det berre saker som vedgår dei sjølv som får dei til å stemma i dag. Aarebrot går inn for lågare stemmerettsalder for å stilla opp mot det aukande talet på eldre.

– Det er akutt naudsynt å innføra stemmerett for 16-åringar. Eg ser heller ikkje vekk frå at det kan bli naudsynt at aldersgrensa bør bli 12 år. Det er for å gjera noko med kjøttvekta, seier Frank Aarebrot.

Han legg til at alderen for kva tid ein kan bli folkevalt framleis bør vera 18 år.

– Skuleplikta må i alle fall ikkje koma i konflikt med at ein er valt inn, seier han.

Forslaget om gje alle born ei stemme til fødselen, er han avventande til. Men han viser til at stortingsfleirtalet har gjeve stemmerett til senil demente, og slik opna for at pårørande og pleiarar kan påverka stemminga deira.

– Då er det ikkje unaturleg å også gje meir makt til småbarnsforeldra.

– I dag skjer dei ei massiv omfordeling frå dei unge til dei eldre. Unge får stadig større problem med å koma inn på bustadmarknaden. Dette forsinkar fødslane, og fører til mindre barnekull. Dette er noko òg eldre bør vera opptatt av – elles er det ikkje sikkert at det er nok folk til å ta seg av dei, når dei treng pleie, slår Aarebrot fast.

LES OGSÅ: Utvida demokrati gav auka valdeltaking

Ekstrastemme til mor
Stein Ringen, professor i sosiologi ved Universitetet i Oxford, har i fleire bøker argumentert for å gje mødre éi ekstrastemme heilt til borna kan stemma sjølv i det året dei fyller 16 år.

– Det er fordi det er større sjanse for at stemma til borna blir brukt ut i frå interessa til borna, seier han til Framtida.

– Vil ekstra stemme til alle foreldre tvinga seg fram, som følgje av eldrebølgja, slik Aarebrot, seier?

– Det har ingenting med eldrebølgja å gjera. Det er eit argument, men eit sidespor. Grunngjevinga skal vera demokratisk, ikkje strategisk, seier han til Framtida.

Kva meiner du? Bør foreldre få disponera stemmerett på vegne av borna sine? Eller held det med stemmerett for 16-åringar?