Klasseskilje påverkar kva vi uroar oss for
Kva vi er bekymra for og kor mykje vi uroar oss, heng saman med kva sosialt lag vi høyrer til, viser forsking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forsking: Klasseskilje påverkar kva vi uroar oss for
– Omtrent alle bekymringar, all angst og frykt er meir utbreidd i den nedre delen av klassesystemet, seier postdoktor i sosiologi Magne Paal Flemmen ved Universitetet i Oslo til Klassekampen.
Han har saman med fleire andre forskarar sett nærmare på norske undersøkingar om kva nordmenn bekymrar seg for og kopla det med økonomisk og sosial status.
Undersøkinga viser ifølgje avisa klare skilnader. Folk med gjennomsnittleg eller under gjennomsnittleg kapital er dei som bekymrar seg mest. Dei er bekymra for det meste, men arbeidsløyse og økonomiske problem er det som bekymrar folk med dårleg råd aller mest.
Rike personar representerer den andre enden av skalaen. Dei er generelt lite bekymra. Viss dei er det, er det gjerne for innbrot.
Folk med høg kulturell kapital, det vil seia folk med mykje utdanning og kunnskap, er på si side mest uroleg for klimaendringar og øydelegging av miljøet.
Flemmen håpar funna kan bidra til betre forståing av korleis ulike menneske føler og opplever verda.
-
Meir forskingsnytt: Rike er ikkje meir egoistiske enn fattige