Innvandrarar har dårlegare levekår, men er likevel tilfredse
Innvandrarar har dårlegare levekår enn befolkninga sett under eitt, men er likevel like fornøgd med livet generelt som andre, viser SSBs levekårsundersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserte levekårsundersøking tidlegare i år, men har no sett nærmare på kva tala har gitt av kunnskap om levekår blant innvandrarar i Noreg.
Undersøkinga viser at personar med innvandrarbakgrunn har dårlegare levekår enn gjennomsnittet i befolkninga på område som sysselsetting, arbeidsforhold, bustadstandard, helse og sosial kontakt.
- LES OGSÅ: Innvandrarar har dårlegare løn
Samtidig viser altså undersøkinga at dei synest å vere like fornøgd med livet generelt, bustaden og jobben som andre. Folk med innvandrarbakgrunn har også høg tillit til institusjonar og ei sterk tilhøyring til Noreg.
- LES OGSÅ: Smulane frå bordet vårt