Venstre vil ha millionløft for nynorsken
Ein nynorskpakke på 6,9 millionar er mellom krava Venstre tar med seg inn i forhandlingane med regjeringspartia og KrF om neste års statsbudsjett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– At nynorsken skal ha gode kår både i skulen og i samfunnet elles har alltid vore viktig for Venstre. Det handlar både om rammevilkår og løyvingar. Vi må sørgje for ei budsjettstyrking av nynorsk språk og kultur, og difor har vi lagt inn ein nynorskpakke i vårt alternative budsjett, seier stortingsrepresentant og nestleiar i Venstre, Terje Breivik i ei pressemelding.
Støttar populære tilbod for barn og unge
I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett låg det inne færre nynorsk-kutt enn tidlegare år, men løyvingane til LNK vart foreslått redusert med 1,2 millionar, frå dagens 1,5 millionar.
– Dette er eit kutt vi har reversert tidlegare og vi vil også i år få løyvingane til LNK opp igjen til dagens nivå. Eit kutt vil gå ut over viktige og populære tilbod til barn og unge som Framtida.no, Magasinett og Pirion. LNK har nettopp vore med på å starte Framtida Junior som er eit digitalløft på nynorsk for barn, seier Terje Brevik.
BAKGRUNN: Fryktar kutt i tilbod til barn og unge
Mykje nynorsk per krone
Mellom satsingane i Venstres alternative budsjett ligg det inne auka løyving til Noregs Mållag.
– Løyvingane til Noregs Mållag har lege på om lag same nivå lenge. Organisasjonen er i vekst og det er avgjerande at Mållaget kan halde fram det viktige arbeidet dei gjer opp mot styresmaktene eller rundt om kring i landet for å sikre nynorskbrukarane sine språklege rettar i det offentlege, i skulane, i kommunane og på ulike arbeidsplassar. Det er knapt mogleg å få meir nynorsk per krone i eit statsbudsjett, seier Terje Breivik.
LES OGSÅ: Fem ungdomsorganisasjonar går saman om støtte til Framtida.no
Nynorskpakken til Venstre
Venstre vil styrkja nynorsken med 6,9 millionar kroner i det alternative statsbudsjettet sitt:
LNK: 1,2 mill.
Noregs Mållag: 1,1 mill.
Samlaget: 1 mill.
Hordaland Teater: 1 mill.
Norsk kultursentrum, Vinje: 1,6 mill (basisutstilling).
Norsk kultursentrum, Vinje: 1 mill (driftstilskot).
Alle tal er styrking i høve regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett.