Fleire bruker kollektivtrafikk, men færre tar toget

Kollektivtrafikken frakta 6,2 millionar fleire reisande i andre kvartal i 2017 enn same tid i fjor. Det er ein auke på 4,1 prosent.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trikk, T-bane og bybane hadde den største passasjerveksten. Med 3,7 millionar fleire reisande er det ein vekst på 9,1 prosent, viser tal Statistisk sentralbyrå (SSB) la fram tysdag.

Bussen auka med 4,2 prosent, mens passasjerbåt var omtrent uendra. Talet på togpassasjerar sokk med 6,1 prosent, viser tala.

Med fleire passasjerar auka billettinntektene med 383 millionar, eller 12 prosent samanlikna med den same perioden i fjor. Dei auka inntektene kan også kjem av auka priser, lengre reiser og at fleire kjøper enkeltbillettør framfor periodebillettar.

For eksempel var den gjennomsnittlege billettinntekta i Sogn og Fjordane tre gonger høgare enn i Hordaland, og det tyder på lengre reiser og færre månadskort i tillegg til skilnadar på takst, ifølgje SSB.

For trikk, T-bane og bybane auka billettinntektene med 25 prosent.