Fire snøggbåtar på Vestlandet forureinar dobbelt så mykje som 200 bussar

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fire langdistanse hurtigbåtane står for 40 prosent av dei totale utsleppa frå kollektivtransporten i regi av fylkeskommunen.

Dei lokale hurtigbåtane står for 15 prosent og fylkesvegferjene 23 prosent av utsleppa. Dei 200 bussane som fylkeskommunen har ansvar for står for 22 prosent av utsleppa, fortel NRK.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) viser til at kontraktane med hurtigbåtane til Bergen varer fram til 2022, og at ein ikkje får gjort noko innan den tid. Klimaspørsmålet var ikkje så viktig då kontraktane vart inngått, ifølgje henne.

– Det blir stilt miljøkrav til alle ferjene vi lyser ut. Vi tek miljøspørsmålet på alvor, seier ho.

Følling legg til at det i dag ikkje finst utsleppsfrie løysingar for dei langdistanse hurtigbåtane.