Billigare månadskort over heile landet
Alle dei 14 fylkeskommunane i landet har søkt om pengar frå støtteordninga til regjeringa for å redusera prisen på månadskort. Det betyr lågare prisar for alle.
– Med krig i Midtausten og dyrare drivstoff er det ekstra viktig å senka prisane på månadskort. Det skal vera billig og enkelt å reisa til og frå jobb, skule og mellom landsdelane. Det er difor veldig positivt at alle fylkeskommunar no er med på ordninga, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i ei pressemelding.
Det var i forhandlingane om statsbudsjettet for 2026 at Arbeidarpartiet, MDG, Sp, SV og Raudt vart einige om å setja av 620 millionar kroner for å gjera månadskort i kollektivtransporten billigare.
Prisreduksjonen skal komma dei reisande til gode i løpet av 2026, opplyser Samferdselsdepartementet i meldinga.
Fylkeskommunane kunne dermed søkja om pengar frå denne ordninga for å gi reisande om lag 100 kroner lågare pris i månaden.
Så langt har Østfold og Innlandet fått midlar utbetalt. Telemark, Vestland, Vestfold, Rogaland og Buskerud har fått vedtaksbrev, medan resten av søknadene no blir behandla hos Jernbanedirektoratet.
– Pris betyr mykje for om folk vel kollektivtransport i kvardagen. Når månadskortet blir litt billigare, håpar me det blir enklare å la bilen stå, seier Nygård.
Regjeringa greier òg ut moglegheita til å innføra eit nasjonalt månadskort.






