Kollektivtransporten i Noreg har blitt dyrare

Prisane på all kollektivtransport i Noreg har stige meir enn utviklinga i konsumprisindeksen. Transport med buss og taxi er den transportforma som har stige desidert mest, også samanlikna med andre europeiske land.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette syner tal i ein artikkel frå SSB.

Det er prisvekst i alle former for kollektivtransport i Noreg i perioden 2000-2016, og prisutviklinga har vore større enn den generelle utviklinga i konsumprisindeksen (KPI).

Prisane på buss og taxi i tillegg til båttransport har stige mest, medan prisane på skjenegåande transport hadde lågast prisvekst i same periode. Prisane på flytransport har i lang tid vore fallande, men dei siste to åra var det vekst i flybillettprisane på 20 prosent.

Høge reparasjonskostnader knytt til vanskelege køyreforhold er ei viktig årsak til oppgangen i prisane på bussbillettar, skriv SSB.

Bilane er dyrare i drift

For transport med eigen bil er det to faktorar som er viktige for prisutviklinga: kjøp av bil og drift og vedlikehald. Drift og vedlikehald skal dekke alt av kostnader knytt til det å ha bil, som for eksempel, drivstoff, reparasjon av bil, bildelar, bildekk og smørjeolje.

Ser ein berre på prisutviklinga på kjøp av bil har denne vore lågare enn den generelle prisstiginga i KPI i perioden 2000–2016.

Ser ein derimot på utviklinga i prisane på drift og vedlikehald av bil, har desse stige to gonger meir enn KPI. Dei siste to åra ser vi derimot ei utflating i prisane på drift og vedlikehald av bil.