Fleirtal mot EU for første gong

Fleirtalet av dei nye stortingsrepresentantane er imot norsk medlemskap i EU, ifølgje ei Nei til EU-undersøking.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nei til EU har gjort ei spørjeundersøking blant dei øvste kandidatane på partilistene, skriv Nationen.

84 av representantane svarte nei på spørsmålet «Meiner du at Noreg skal bli medlem av EU?». 38 svarte ja, 12 stilte seg usikre, mens 35 representantar ikkje har svart. Derfor meiner Nei til EU at fleirtalet blant dei 169 representantane er EU-motstandarar.

– Vi jublar over at vi endeleg har eit storting som speglar det folket meiner, seier Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland. Interesseorganisasjonen har målt representantanes syn på EU jamleg sidan 1994. Dette er første gong det har vore fleirtal mot EU på Stortinget.

LES OGSÅ: Fleire støttar EU og EØS

Leiaren i Europabevegelsen, Jan Erik Grindheim, seier han er veldig skuffa.

– Det er veldig trist, fordi EU trengst meir enn nokon gong. Nasjonalismen er på frammarsj, og dersom alle var imot EU ville det ikkje vore fred i Europa, seier han.

Blant representantane er det eit klart fleirtal mot folkeavstemming om EØS-avtalen. Fleirtalet føretrekkjer også EØS i staden for ein bilateral handelsavtale, men fleirtalet er noko mindre enn ved førre stortingsval. Fleirtalet ønsker også at Noreg brukar vetoretten i EØS meir aktivt.

LES OGSÅ: Brexit er ikkje ein grunn til å forhandla om EØS