Meiningsmåling: Fleire støttar EU og EØS

Framleis overveldande fleirtal mot EU-medlemskap.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nordmenn er meir positive til EU og EØS enn på lenge, ifølgje ei ny meiningsmåling. Eit fleirtal på 56 prosent av dei spurte seier ja til at Noreg framleis skal vera med i EØS-avtalen, medan 27 prosent seier nei.

I spørsmålet om norsk EU-medlemskap har nei-sida framleis eit klart overtak på 65 prosent i målinga. Ja-sida halar likevel innpå: 24 prosent seier at dei vil ha landet inn i EU, det høgste talet som er målt sidan 2012. Undersøkinga er utført av Sentio Research på oppdrag for Klassekampen og Nationen.

– Dette er positive tal på alle måtar, seier leiar i Europeisk Ungdom, Andreas Brandt.

Leiar i Europeisk Ungdom, Andreas Brandt, meiner Donald Trump er noko av æra for at fleire i Noreg og Europa sluttar opp om EU. Foto: Europeisk Ungdom

– Dei viser at støtta til EØS-avtalen i folket er botnsolid, og sjølv om enkelte sår tvil om vår tilknyting til EØS-avtalen, så er det ein viktig avtale for Noreg. Det trur eg folk forstår, legg Brandt til, og viser til at eit forslag om å seia opp EØS-avtalen blei avvist på LO-kongressen tidlegare i år.

– Ønskjer samarbeid

Brandt meiner endringane på meiningsmålinga har med internasjonale forhold å gjera, og peikar mellom anna på det nylege valet i Frankrike der Emmanuel Macron og hans parti En Marche! vann med stort fleirtal på ein EU-venleg plattform.

– Me ser ein trend på kontinentet med at fleire får tru på det europeiske prosjektet, og det merkar me i Noreg òg. Folk ser at det føregår ein kamp mellom isolasjon og samarbeid, og eg meiner desse tala viser at dei fleste nordmenn ønskjer samarbeid, seier Brandt.

– Men det er framleis stort fleirtal mot EU?

– Det er det, og difor jobbar me kvar dag for å visa fram fordelane me ville få av eit fullt medlemskap i EU. Men det at så mange seier ja til EØS-avtalen, viser at nordmenn ønskjer ei tilknyting og samarbeid med Europa.

Europeisk Ungdom-leiaren meiner at spørsmålet er når Noreg blir medlem av EU, ikkje om me kjem til å bli det.

– Dagens meiningsmåling viser at me er nærare enn på lenge, seier Brandt.

– Mykje usikkerheit i verda

– Viss debatten hadde handla meir om alternativa til EØS, trur eg desse tala ville ha sett annleis ut, seier Ungdom mot EU-leiar Syver Zachariassen. Foto: Ungdom mot EU

Også Syver Zachariassen, leiar i Ungdom mot EU, vel å tolka meiningsmålinga som godt nytt.

– Me synest sjølvsagt det er positivt at så mange som 65 prosent framleis seier nei til EU. Og sjølv om støtta til EØS har auka litt, er det gledeleg at det er fleire som vil ut av EØS enn det er som vil inn i EU, seier Zachariassen.

Som Andreas Brandt trur han at det er internasjonale trendar som slår inn i den norske debatten, men meiner det handlar meir om varsemd enn om entusiasme for EU-prosjektet.

– Målinga speglar at det er mykje usikkerheit i verda, og då er det naturleg at folk søkjer til det ein veit at ein har, seier han, og legg til at han synest det er sunt at færre seier «veit ikkje».

Ungdom mot EU-leiaren er ueinig med Andreas Brandt sin omtale av debatten som ein kamp mellom samarbeid og isolasjon.

– Vårt nei til EU handlar om at makta skal liggja nærast mogleg folk. Å sjå EU-debatten i lys av ein kamp mellom isolasjon og samarbeid blir tynt, dette handlar om mykje meir enn det, seier Zachariassen, og nemner økonomi og forvalting av naturressursar som område der det ikkje fungerer å finna felles løysingar på eit stort kontinent.