Aspaker: Brexit er ikkje ein grunn til å forhandla om EØS

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ingen grunn til å tvila på EØS

– EØS-avtalen ligg i botn, den tener Noreg svært godt. Det er ingen grunn til å så tvil om avtalen, slår Aspaker fast overfor NTB.

Fleire, blant dei Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum og SV-leiar Audun Lysbakken, meiner at den britiske EU-utmeldinga opnar for ei reforhandling av EØS-avtalen.

Aspaker er av ei heilt anna meining.

– Korleis kan nokon tru at EU vil premiere eit land som vil ut med ein betre avtale enn det Noreg har fått? Det resonnementet forstår eg rett og slett ikkje, seier ho.

– Sjølv om det er høgst uklart kva som vil skje vidare, er det ingen ting i Storbritannia som rokkar ved avtalen, og det skal Norge vere svært glad for. Dette er urolege tider, og då treng vi føreseielege rammevilkår, seier europaministeren.

Ho ser samtidig for seg at Noreg må framforhandle fleire nye bilaterale avtalar med Storbritannia på område som i dag er dekt gjennom EØS-avtalen.

– Problemet er at utsida i Storbritannia ikkje har presentert nokon løysingar på dette, seier Aspaker.

Samtidig beklagar ho at det politiske arbeidet i EU med blant anna klima, terror og flyktningar vil tape på den britiske utmeldinga.

– Ein må bruke krefter og ressursar på denne prosessen i staden, konstaterer ho. (©NPK)

Meir om Brexit?
Avgjersla kom fredag morgon: Britane melder seg ut av EU, og tårene falt.

– Me kan ikkje klaga om noko går gale, sa britiske Jo Liddle før valet.

 Storbritannia er annleislandet med si motvilligheit til å integrera seg i ’det europeiske prosjektet’, skreiv britiske James Puchowski i Framtida.no tidlegare denne veka om om avstemminga som har vorte døypt brexit.