Parodierer Sylvi Listhaug i ny film.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den populære bloggaren og artisten Sophie Elise Isachsen (22) har ikkje berre tips til kva slags sminke du «MÅ HA TIL SKOLESTART!». Ho har også tips til kva du bør røysta ved stortingsvalet – eller i alle fall kven du ikkje bør røysta på.

Saman med kamerat og filmprodusent Joakim Kleven har harstadværingen laga ein satirisk valkampfilm med ein enkel og tydeleg bodskap: «Aldri mer FRP». Isachsen speler rolla som Sylvi Listhaug, som mellom anna sleikar eit digert kors og kliner med Siv Jensen (spelt av Kleven iført parykk og leppestiftkjole).

Samstundes får det høgrepopulistiske regjeringspartiet passet sitt påskrive med påstandar som «Vi kutter i bistand for å hjelpe U-land» og «Vi kan ikke bære et flyktningbarn til Norge på gullstol».

– Skremmande

«Snart er det valg! Veldig kult om dere stemmer, og veldig kult om dere ikke stemmer FrP», skriv Isachsen som kommentar til filmen på Instagram og Facebook.

Ho har i alle fall lykkast med å få fram bodskapen sin: Sidan søndag er filmen sett over 320.000 gonger på ulike sosiale medium.

«Det skremmer meg at Siv Jensen, Sylvi Listhaug, Per Sandberg og resten av det nokså skammelige og rasistiske partiet faktisk er med på å styre verdens flotteste land» skriv Kleven i eit innlegg på bloggen sin.

FpU: – Unyansert

I kommentarfelta er det fleire som reagerer og kallar filmen ting som «patetisk», «barnsleg» og «langt over grensa».

Leiar i Framstegspartiets ungdom, Bjørn-Kristian Svendsrud, tar på si side filmen med fatning. Han seier til TV2 at han synest effektane i videoen er gøyale, men kallar innhaldet unyansert.

– Dette er eit PR-stunt for å få fram ein bodskap, og det er bra å bruka ytringsfridomen, men eg skulle ønskja det var meir fakta i videoen, seier Svendsrud.