Unge rådgivarar tett på makta

26-åringane Kristian Lefdal og Milla Skaug Ødegaard arbeider tett på nokre av dei mektigaste politikarane i landet. Som politiske rådgivarar førebur dei saker, gir råd og legg til rette for politiske avgjersler.

Madelen Kloster
Publisert

Gangane i FrP-fløya på Stortinget er nesten tomme. Det er midt i sommarferien. På skiljeveggen framfor pulten til Kristian Lefdal heng fleire morosame memes.

Han er ikkje politikaren du ser på TV. Likevel er han som rådgivar for leiinga i FrP ein av dei som står tettast på avgjerdene til FrP-leiar Sylvi Listhaug.

Frå forsking til politikk

Etter ein master i freds- og konfliktstudium byrja, Kristian Lefdal som juniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), der han mellom anna forska på tryggingspolitikk knytt til Ukraina.

– Eg har alltid vore interessert i politikk, så då eg vart tipsa om at FrP hadde ledige stillingar, kjende eg at eg vart interessert.

Forskarbakgrunnen kjem godt med. Både forsking og politikk handlar om å setje seg inn i store mengder informasjon, sortere han og formidle han på ein måte som folk forstår.

Minst like viktig, meiner han, var dei fem åra han hadde på Kiwi.

– Det er mykje erfaring du får i kassa og av å jobbe med folk som du kan bruke seinare.

Ein livsstil

– Jobben som rådgivar på Stortinget er ein livsstil. Du er tilgjengeleg stort sett heile døgnet.

Ein stor del av jobben handlar om å setje seg raskt inn i nye saker og omsetje dei til politikk.

Dagen til Lefdal byrjar på toget frå Kolbotn litt over sju, med nyheitsbiletet i fanget.

– Ein ting er at du les ei sak på nyheitene, men så må du prøve å tenkje: Kva kan vi gjere av politikk ut av dette? Nyleg måtte eg til dømes setje meg raskt inn i alt om hydrogenferjene i Lofoten og Vesterålen, etter ei NRK-sak.

Frå AUF til Utanriksdepartementet

Også Milla Skaug Ødegaard arbeider tett på makta. Som politisk rådgivar for utanriksminister Espen Barth Eide, er ho med på å førebu saker og gi råd før politiske avgjerder blir tekne.

Interessa for politikk kom tidleg. På ungdomsskulen oppdaga ho dei store lønnsforskjellane mellom menn og kvinner i ein time om karriere.

– Då vart eg veldig engasjert, seier ho.

Engasjementet førte henne inn i AUF, vidare til kommunestyret i Nittedal og seinare til studiar om folkerett i England. Etterpå arbeidde ho i New York, og planen var eigentleg å halde fram med ein internasjonal karriere.

Så fekk ho ein telefon frå Espen Barth Eide.

– Espen visste at eg hadde bakgrunn frå Arbeidarpartiet og AUF, og at eg hadde jobba internasjonalt. Då han vart utanriksminister, ringde han og spurde om eg ville bli den politiske rådgivaren hans, fortel Ødegaard.

– Eg er veldig oppteken av folkeretten og av at han ikkje berre skal vere teori. Det å bidra til å oppretthalde folkeretten var ei moglegheit eg ikkje kunne seie nei til.

190 døgn på reisefot

No følgjer Ødegaard utanriksministeren tett på møte, intervju og reiser.

Jobben har teke henne på reiser verda over. Det første året hadde ho om lag 190 reisedøgn.

– Eg skulle gjerne sett familien og venene mine litt oftare. Men eg synest jobben er så spennande at det er verdt det.

Politikarar er berre folk

Det som overraska FrP-rådgivar Lefdal mest då han starta i jobben, var den lette tonen mellom politikarane på Stortinget.

– Arbeidarpartiet sit nede i tredje etasje, vi sit her oppe. Vi er veldig politisk usamde. Men vi har alltid god tone, og vi tullar alltid med kvarandre. Det er viktig for demokratiet å skilje mellom politikk og person.

Ødegaard vart overraska over mykje av det same. Ho syntest først det var litt skummelt å møte menneske i mange viktige posisjonar.

– Men når ein kjem inn i det, ser ein at det eigentleg berre er folk rundt eit bord som diskuterer og prøver å finne løysingar.

Som politisk rådgivar følgjer Milla Skaug Ødegaard utanriksminister Espen Barth Eide på møte og reiser. | Foto: Milla Skaug Ødegaard (Privat)

Råd til andre unge

Lefdal oppmodar unge til å søkje deltidsjobb, og meiner erfaringa dei får er verdifull.

– All erfaring, anten det er Kiwi, ein kafé eller ein sommarjobb, kan du bruke når du søkjer jobb seinare.

Ødegaard sitt råd er å følgje interessene sine.

– Følg det du er interessert i. Fordjup deg i noko du synest er spennande. Då trur eg moglegheitene kjem etter kvart.