Undersøking: Fleire er nøgde med Sylvi Listhaug
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fleire er nøgde med Listhaug
Fleire enn før meiner regjeringa handterer innvandrings- og integreringsfeltet godt, samanlikna med 2015, skriv Dagsavisen.
Heile 49 prosent svarar at dei meiner regjeringa gjer ein god jobb med å handtera innvandring og integrering. Det er ein markant auke sidan 2015. Då meinte 33 prosent at Solberg-regjeringa gjorde ein god jobb på dette feltet.
– Det er svært positivt, og viser at folk forstår kor nødvendig det er med ein streng innvandringspolitikk og ein integreringspolitikk som stiller krav. Vi er nøydde til å halda asyltilstrøyminga under kontroll om vi skal lykkast med integreringa og tryggja det norske velferdssamfunnet. Det opplever eg brei støtte til over heile landet når eg er ute og reiser, seier innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) til Dagsavisen.
LES OGSÅ: Marthe Valle går hardt ut mot Listhaug på Facebook
Også inntrykket til folk av integreringa er betre enn i fjor, og det er dei over 60 år som synest integreringa fungerer best. Men heile 40 prosent meiner integreringa fungerer dårleg. 43 prosent svarte det same 2016.
Undersøkinga er gjort i samarbeid med Nobels Fredssenter og Ipsos/MMI før Listhaug gjekk ut i svangerskapspermisjon i vår. Det er tredje året Ipsos/MMI gjer denne undersøkinga.
Are Kalvø: «Alt handlar faktisk ikkje om deg, Listhaug»