Regjeringa vil forby ansiktsdekkande plagg i skulen

Regjeringa vil forby bruk av ansiktsdekkande plagg i alle norske utdanningsinstitusjonar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 13.06.2017 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lovforslaget vart lagt fram av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) og fungerande integrerings- og innvandringsminister Per Sandberg (Frp) måndag formiddag.

Det nasjonale forbodet skal gjelde på alle nivå og gjennom heile utdanningsløpet, barnehage og skule og heilt opp til universitet og høgskular. Målet er større openheit og å fremme kommunikasjon. Ifølgje Isaksen er utdanningssystemet ein spesiell arena der det er ekstra at viktig elevar og lærarar kan sjå ansiktet til kvarandre.

– Vi ønskjer ikkje ansiktsdekkande plagg i barnehagar, skular eller universitet. Plagga hindrar god kommunikasjon som er avgjerande for at elevar og studentar skal kunne lære godt, seier Torbjørn Røe Isaksen.

Han seier eit slikt forbod er ei uvanleg regulering i Noreg og at det ikkje er vanleg å regulere folks klesplagg. Ettersom det allereie er høve til å ha lokale forbod, meiner regjeringa dette burde vere forankra i nasjonal lov.

Lovforslaget blir send på høyring måndag. I tillegg til å gjelde alle utdanningsinstitusjonar, skal det også gjelde i introduksjonsprogram for flyktningar og norskopplæring for nye innvandrarar. Det skal gjelde for både elevar og tilsette.

– Lovforslaget sikrar like reglar og likebehandling over heile landet, seier Røe Isaksen.

LES OGSÅ: Elevorganisasjonen går mot nikab-forbod i skulen