Store forskjellar på fullføring i vidaregåande skule
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein ny rapport viser at det er store forskjellar på kor gode vidaregåande skular er til å få elevane til å fullføre og bestå.
Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) har på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet sett på kor mykje vidaregåande skular i heile landet bidrar til det elevane lærer.
– Rapporten viser at kva vidaregåande skule du startar på påverkar om du klarer å fullføre utdanninga eller ikkje. Nokre skular er mykje flinkare til å få elevane gjennom enn andre. Kva skule du går på kan derfor vere med på å avgjere kor gode moglegheiter du får seinare i livet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
Nifu-forskarane har sett på karaktersnitt og fullføring ved alle vidaregåande skular i Noreg. Deretter har dei justert resultata til bakgrunnen til elevane for å finne ut kor mykje skulen bidrar med.
– Vi veit at nokre skular greier å løfte alle elevar uansett bakgrunn. Det viser at ein god skule kan gjere ein viktig forskjell for elevane, seier Røe Isaksen.
Heile landet sett under eitt er forventa fullføring på yrkesfag 52, 8 prosent mens forventa fullføring på studieførebuande er 60, 5 prosent.
– Dette er noko vi bør sjå nærmare på, seier Røe Isaksen.