Noreg bremsar forbod mot atomvåpen
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Noreg bremsar atomforbod
Noreg var i mange år eit lite land – men ein stor fredsnasjon.
No er vi berre eit lite land.
I løpet av dei siste fire åra med Høgre og FrP i regjering har Noregs internasjonale rolle vorten betydelig svekka. Tidlegare var vi i førarsetet på å jobbe fram eit internasjonalt forbod mot klasevåpen. No er vi ein bremsekloss i prosessen for å få til eit internasjonalt atomvåpenforbod.
Tidligare satt vi ved forhandlingsbordet når land skulle løyse konfliktar. No sørger vi for at det kvinnefiendtlige saudiarabiske regimet får ein plass ved bordet i FNs kvinnekommisjon.
Om ikkje anna, skulle ein kunne forvente at norske myndigheiter opptredde som ein av dei sterkaste pådrivarane for kvinner sine rettar i FN og i Kvinnekommisjonen – all den tida statsminister Solberg brukar på å snakke om viktigheita av jenter si utdanning. Diverre demonstrerer dette Høgre- og FrP-regjeringas forskjell i liv og lære.
AUF er einig i at Noreg si rolle styrkast ved å ha eit samla storting bak gjeldande utanrikspolitikk. Slik er det å vere eit lite land. Det er heller ikkje noko mål i seg sjølv å være ueinig. Men i valåret 2017 er det passande å minne om nokre vesentlege forskjellar mellom Arbeidarpartiet og høgresida sin utanrikspolitikk.
Arbeidarpartiet ynskjer å anerkjenne ein palestinsk stat, og ta nye internasjonale initiativ for å få i stand ein fredsavtale mellom partane. Høgre- og FrP-regjeringa ynskjer ingen av delane.
Vidare har Arbeidarpartiet vedtatt at; «vi skal ha eit systematisk kjønnsperspektiv på alt vi gjer. Vi skal bruke våre utanrikspolitiske verkty for å fremje likestilling; og vi bruker likestilling til å fremje våre utanrikspolitiske mål».
Dette er ei direkte anerkjenning av at kvinner rammast hardast av ulikskap, kriser og konflikt. Høgre- og FrP-regjeringa sine kutt i støtta til FNs befolkningsfond (UNFPA) og løyvinga til kvinners rettar og likestilling, demonstrerer ei uvilje til å satse på kvinner.
Arbeidarpartiets landsmøte har også slått fast at ein ønsker ei pådrivarrolle for et internasjonalt forbod mot atomvåpen. Vedtaket skil seg klårt frå Høgre- og FrP-regjeringas restriktive holdning til eit atomvåpenforbod, der Børge Brende attpåtil har kalla det eit “populistisk initiativ”. Dette er ein urovekkande karakteristikk av et forbod som søker å forby et masseøydeleggingsvåpen som ved bruk ville innebere massive humanitære lidingar.
Valet 11. september vert altså eit verdival – òg i utanrikspolitikken.
AUF ynskjer ein varmare front mot dei kalde kreftene i det internasjonale samfunnet. Vi ynskjer ei ny regjering med eit aktivt fredsengasjement i Palestina og Israel. Vi ynskjer at Noreg skal vere den sterkaste stemma i kampen for likestilling mellom kjønna internasjonalt. Og vi ynskjer at Noreg, igjen, skal gå i bresjen for internasjonal nedrusting.
Solidaritet og internasjonalt samarbeid er som raude trådar i arbeidarbevegelsens historie. Med Arbeidarpartiet i regjering vil Noreg igjen verte ein internasjonal aktør å regne med – eit Noreg som er på lag med verdas fattige, med freden og fridomen. Dette skil seg vesentlig frå bremseklossane Solberg og Brende.