Under 500 lærlingplassar i staten
Elevorganisasjonen ønskjer å sikra alle elevar rett til læreplass.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Skammeleg lite
Regjeringa har som mål å auka mengd læreplasser i Noreg, men tar sjølv berre inn drygt 450 lærlingar i statlege føretak. I tillegg tar Forsvaret inn rundt like mange, ifølgje tal som NRK har henta inn.
– Det er skammeleg lite, seier fylkesråd Hild-Marit Olsen (Ap) til NRK.
LES OGSÅ: Færre søkjer yrkesfag på vidaregåande
Krev rett til læreplass
I fjor stod rundt 9000 yrkesfagelevar her i landet utan lærlingkontrakt. Samstundes har staten Noreg over 160.000 årsverk.
Elevorganisasjonen seier til Framtida.no at dei vil at alle elevar skal ha rett til læreplass.
– Me ønskjer sjølvsagt at både bedriftene og staten skal gjera meir for å sikra alle læreplass, seier påtroppande leiar i Elevorganisasjonen Sylvia Lind.
LES OGSÅ: – Elevane veit best korleis det er å vera elev
– Høgt prioritert
Statssekretær Kristin Holm Jensen i Kommunal- og moderniseringsdepartementet fortel at arbeidet med å auka talet på lærlingar i statsforvaltinga er høgt prioritert av regjeringa.
– Partane i arbeidslivet har nyleg signerte ein ny samfunnskontrakt for fleire læreplassar. Staten som arbeidsgivar tar sin del av ansvaret, seier ho til NRK.