Sørafrikanske aktivistar møtte kronprinsessa
Årets OD-prosjekt samlar inn pengar til ein organisasjon som jobbar for betre utdanning i Sør-Afrika. Aktivistane og dei norske arrangørane fekk møte kronprinsessa for å snakke om det.
– Eg føler meg veldig privilegert som har fått vere ein del av den første audiensen til kronprinsessa, seier sørafrikanske Aluyolo Mbeki (24).
Han jobbar i Equal Education, organisasjonen som skal motta støtta frå årets OD-prosjekt.
Framtida møter han og kollegaene utanfor slottet etter audiensen onsdag ettermiddag.
– Me har hatt ei fin og open samtale om utfordringane til ungdom i Sør-Afrika, seier han.
OD-dagen 2026
- Operasjon Dagsverk arrangerer kvart år solidaritetsaksjonen OD-dagen, der tusenvis av norske elevar jobbar éin dag til inntekt for eit bistandsprosjekt.
- I år er OD-dagen 29. oktober, og elevane jobbar for å støtte retten til trygg og god utdanning for sørafrikanske elevar.
- Pengane som blir samla inn skal støtte prosjektet til Equal Education i Sør-Afrika, som jobbar med betring av skuleforholda i landet og ansvarleggjering av politikarar for urettferdige og utilstrekkelege utdanningsvilkår.
- OD-prosjektet er i samarbeid med Studentene og akademikernes hjelpefond (SAIH), Norsk Folkehjelp og Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom.
Kjelde: Operasjon Dagsverk

Sørafrikanske Khumo Kula (24), Aluyolo Mbeki (24) og Nosicelo Ngomana (25) er i Noreg for å fortelje om sitt arbeid i Equal Education. Foto: Mia Huse
– Det er ikkje kvar dag ein sørafrikanar får møte ei prinsesse, seier Nosicelo Ngomana (25).
Khumo Kula (24) seier møtet har vore ei stor ære.
– Det er noko eg kjem til å fortelje barna og barnebarna mine. Dette er ikkje eit eventyr, men noko som faktisk skjedde. Eg er takksam for å ha møtt nokon med så mykje makt, som samstundes er så snill og villig til å lytte.
OD 2026
Audiens tyder «moglegheita til å bli høyrd», og inneber å bli møtt av ein eller fleire kongelege for å kunne snakke om noko ein bryr seg om.
Medlemmane av Equal Education og støtteorganisasjonane deira møtte kronprinsesse Ingrid Alexandra til audiens for å snakke om årets OD-prosjekt: betre og meir rettferdige skular i Sør-Afrika.
Det rasistiske Apartheid-regimet i Sør-Afrika, som blei oppheva i 1994, pregar framleis skulekvardagen til millionar av sørafrikanske elevar. Sjølv om alle elevar er juridisk likestilte, ender hudfarge, bustad, etnisitet og økonomi ofte opp med å avgjere kvaliteten på utdanninga til sørafrikanske barn, ifølgje Operasjon Dagsverk.
Sørafrikanske elevar organiserer seg derfor gjennom Equal Education for å dokumentere utfordringane sine og slik halde myndigheitene ansvarlege.

Kristin Mansaray (20), Khumo Kula (24), Nosicelo Ngomana (25), Aluyolo Mbeki (24), Nicole Becerra Vivanco (34) og Sarah Taif (20) fekk møte kronprinsesse Ingrid Alexandra til hennar første audiens. Foto: Mia Huse
Varm velkomst
Dei norske deltakarane synest audiensen med kronprinsessa var veldig stas.
– Ho tok oss varmt imot, gjorde det komfortabelt å vere til stades og lytta aktivt til spesielt det aktivistane frå Sør-Afrika ville fortelje, seier leiar i Operasjon Dagsverk Kristin Sofie Hauge Mansaray (20).
Leiar i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom Sarah Taif (20) følte dei blei tatt imot som likeverdige.
– Eg var litt nervøs på førehand, men det gikk veldig bra, og eg følte verkeleg at ho høyrte på oss, seier nestleiar i SAIH Nicole Becerra Vivanco (34).

Nestleiar i SAIH Nicole Becerra Vivanco (34), leiar i NF Solidaritetsungdom Sarah Taif (20) og leiar i OD Kristin Mansaray (20) meiner det er viktig å støtte oppunder lokale ressursar i solidaritetsarbeid. Foto: Mia Huse
Kronprinsessa heide på Equal Educations arbeid, ifølgje Taif.
– Ho var veldig opptatt av det er ungdommen sjølv som vel prosjektet og jobbar i Noreg, og at det er ungdommen sjølv som identifiserer utfordringane sine og leiar prosessen med å skape endring i Sør-Afrika, seier Mansaray.
Danne forbindingar
Mbeki fortel at dei prata med kronprinsessa om utfordringane til ungdom i Sør-Afrika.
– Utdanningssystemet og arbeidsmarknaden er framleis veldig urettferdig på grunn av Apartheid-regimet, seier han.
Ngomana meiner deira arbeid og møtet med prinsessa er viktig fordi Sør-Afrika har hatt økonomiske problem lenge og manglar organisering på vegner av dei som slit mest.
– Det er viktig å danne forbindingar for å hjelpe oss å fortsette med arbeidet vårt, seier ho.

Kristin Mansaray (20), Aluyolo Mbeki (24) og Nosicelo Ngomana (25) var takksame for at kronprinsesse Ingrid Alexandra var så imøtekommande under audiensen. Foto: Mia Huse
Kula fortel at deira arbeid handlar om å lytte til elevane i Sør-Afrika når dei seier ifrå om kva om ikkje funkar.
– Me vil gi dei makt til å fortsette å kjempe mot urettferdene som framleis skjer.
Ungdommanes røyst
Mansaray fortel om ODs skulebesøk i Sør-Afrika.
– Det som går igjen er at elevane synest utdanning er ein av dei aller viktigaste menneskerettane. Det er så viktig både på individ- og samfunnsnivå.
Taif meiner det viktigaste med årets prosjekt er at det peiker tilbake til Sør-Afrikas historie, som viser at ungdom kan få gjennomslag.
– Me så det i Soweto då, me ser det i Equal Education no, og me kjem til å sjå det hos OD-elevane i morgon.
Vivanco trekker også fram at årets prosjekt jobbar spesifikt med systemendring, og at Equal Education sørger for at ungdommar sjølv får seie frå om ting som ikkje fungerer og jobbe vidare med det.
– Dei som er aktive i Equal Education veit best kva dei treng, kva ein må kjempe for i Sør-Afrika og korleis ein må ta den kampen. Vårt ansvar er å støtte det, seier Taif.
Ho synest det er bra at årets prosjekt støtter opp under ressursar som allereie finst og jobbar tett på problema.

Nosiceki Ngomana (25) og Aluyolo Mbeki (24) synest det var stas å få møte ei prinsesse, noko som ikkje er kvardagskost i Sør-Afrika, ifølgje Ngomana. Foto: Mia Huse
Stolt
Når Framtida møter dei, fortel audiens-deltakarane at dei gleder seg til OD-dagen.
Taif seier at Sør-Afrikas historie viser at ungdom kan forandre verda, og at ho håper på å sjå den same gnisten hos norske elevar på OD-dagen.
Kula er stolt av dei norske elevane som jobbar og samlar inn pengar til Equal Education.
– Det er så viktig at me har solidaritet på tvers av grenser. Her vil dei hjelpe rørsla vår fordi me kjemper mot urettferd, ikkje fordi dei synest synd på oss. Eg er veldig glad for å kunne fortelje dei sørafrikanske elevane at dei har støttespelarar i Noreg, seier ho.






