Frankrike-protestane: Elevorganisasjonen fryktar at elevar ikkje blir tatt seriøst
– Ungdom har allereie eit dårleg rykte, seier leiar av Elevorganisasjonen. Samstundes er han postiv til at dei franske elevane bruker stemma si.
– Det er fint at elevar organiserer seg og tar kampen i eigne hender.
Det seier leiar for Elevorganisasjonen Zaid Norzai Ahmmad på telefon til Framtida om elevprotestane i Frankrike.
Førre fredag skrev Framtida om dei 15 til 18 år gamle elevane som protesterer mot det dei meiner er utolelege forhold på dei vidaregåande skulane i Frankrike.
På fredag hadde 3000 blitt arrestert. No har talet stige til 5000.
Den franske elevorganisasjonen for vidaregåande skular (USL) lover ei «tredje akt» i dag tysdag 6. oktober.
Det er forventa protestar med titusenvis av elevar over heile Frankrike i dag, og dei franske myndigheitene har plassert ut store politistyrkar. Det skriv den franske avisa Le Monde.
Dette har skjedd i Frankrike
Det har vore enorme elevprotestar i Frankrike dei siste vekene.
Måndag klokka sju skreiv Le Monde at myndigheitene hadde registrert 5000 arrestasjonar, der om lag 85 prosent var mindreårige.
Over 1000 personar er skada, og det nasjonale politiet etterforskar om lag ti saker. Blant dei 1000 er om lag 200 elevar. Blant dei skadde er ein forbipasserande som har mista auget, og ein 15 år gamal elev som har fått handa si riven av.
I ei situasjonsoppdatering måndag klokka 14 skriv Le Monde at 413 skular har opplevd forstyrringar eller tiltak. På fredag gjaldt det same 564 skular.
Samtidig lovar elevforeininga for vidaregåande skular (USL) ei «tredje akt» tysdag 6. oktober.
Menneskerettsorganisasjonar og politikarar fordømmer avvik frå rettsstatsprinsippa og overdriven politivald mot dei for det meste mindreårige protestantane.
Statsminister Sébastien Lecornu seier at regjeringa skal komme med ei avgjerd i slutten av oktober.
Kjelde: Le Monde si direkterapportering
● Les også: 3000 arrestert under elevprotestar i Frankrike
– Ikkje tatt seriøst
At elevar tar kampen i eigne hender, er noko Elevorganisasjonen ynskjer å sjå meir av også her i Noreg, ifølgje Ahmmad.
– Det gjer så mykje meir når elevar står samla.
Han er likevel skeptisk til omfanget av og styrken til protestane i Frankrike.
– Når me ser kor kraftig det har blitt, synest me at det er noka organisering som manglar, seier han.
Ahmmad fryktar at denne typen protestar bidreg til at ungdom og skuleelevar ikkje blir tatt seriøst.
– Me håper at det ikkje går utover korleis ungdom blir oppfatta. For me har allereie eit ganske dårleg rykte, både i media og generelt, meiner han.
Han trur at elevane i Frankrike er lei av å ikkje bli høyrde, og at det er derfor protestane har blitt så store.
– Me unge prøver så godt me kan å vise at me er ein seriøs og viktig del av samfunnsdebatten når det gjeld skule, og at ein må slutte å prate om oss, og heller bør prate med oss.
Vil forbetre skulane
På fredag møtte utdanningsminister Edouard Geffray representantar for elevrørsla med mål om å roe ned protestane.
Elevane uttalte då at dei vart skuffa etter møtet, og at rørsla deira skulle fortsette, skriv den franske avisa Le Monde.
Blant klagepunkta til elevane er lange dagar, overfylte klassar, for få lærarar og anna personale, for varme klasserom under hetebølgene som har vore, dårlege fasilitetar og det dei opplever som eit urettferdig opptakssystem til høgare utdanning.

Dei franske elevane protesterer blant anna mot lange dagar og for få lærarar. På skiltet står det «me er framtida, lytt til oss».
Dei franske elevane har alliert seg med universitetsstudentar og presentert ungdommanes 10 naudtiltak.
- Ein beredskapsplan for renovering av skule- og universitetsbygg
- Set inn meir helse-, støtte- og rettleiingspersonell i skulane
- Tenk nytt om skule- og universitetsplanane, blant anna ved å garantere lengre lunsjpause
- Opprett 150 000 nye plassar i høgare utdanning, og eliminer dei eksisterande opptakssystema
- Betre elevdemokrati
- Auk stipenda og bustøtta for unge
- Garanter reell tilgang på måltid til éin euro for alle studentar
- Fjern differensierte studieavgifter for internasjonale studentar
- Frys prisane på studentbustader og bygg 15 000 nye studentbustader
- Slutt med alle former for undertrykking av og politivald mot elevbevegelsen
– Skjønner dei godt
– Det er absurd kor dårleg stand skulane deira er i, seier Ahmmad.
Han fortel at gode skulebygg er noko Elevorganisasjonen jobbar mykje med, og at det er uakseptabelt med vasslekkasje og skadeleg dårleg luft i klasseromma.
– Det er noko me vil kjempe for, og noko eg skjønner godt at elevane i Frankrike demonstrerer for å forbetre.
Ahmmed seier at det er problematisk at klassane er for store og at det manglar lærarar.
– Men noko eg håper ein tar frå heile denne demonstrasjonen, er at elevane også går til kamp for lærarane sine. Det betyr jo at dei ynskjer å vere på skulen og ha gode lærarar.
Han er likevel ueinig med framgangsmåten til dei franske elevane.
– Me meiner at det å brenne skulen og drive med masse hærverk når ein snakkar om ein skule som allereie ikkje funkar, ikkje er riktig.
– Trengst handling
Sjølv om han reagerer på nokre av metodane til dei franske elevane, fordømmer Ahmmed responsen til politiet og myndigheitene.
– Det er heilt absurd å arrestere så mange. Iallfall når det er mindreårige, og det berre er ungdom som er veldig engasjerte, seier han.
Han håper den franske statsministeren ikkje berre ser på krava til elevane, men faktisk gjer noko.
– Dei må love å gjere det betre for dei. Viss ikkje blir det berre tomme ord. Det er ikkje nok med ei utgreiing, det trengst handling. Spesielt når forhalda til elevane er så dårlege som i Frankrike, avsluttar han.
Menneskerettsorganisasjonar og franske politikarar reagerer også på responsen til myndigheitene.
Dei reagerer på det dei meiner er avvik frå rettsstatsprinsippa og overdriven politivald mot dei for det meste mindreårige protestantane.






