3000 arrestert under elevprotestar i Frankrike

Elevar i Frankrike demonstrerer mot lange dagar, for store klassar og for få lærarar med blokadar og brenning av søppelkassar. No er 300 skadde, og regjeringa har hatt krisemøte.

Mia Huse
Publisert

Dei siste vekene har det vore omfattande elevprotestar i Frankrike, skriv BBC.

Det er elevar i alderen 15 til 18 ved lycée-skulane, som tilsvarer norsk vidaregåande skule, som demonstrerer.

Protestane byrja i Paris førre veke, og har no spreidd seg til heile landet.

No er om lag 3000 elevar arrestert, dei fleste av dei mindreårige. Nærmare 2000 av dei vart arrestert torsdag 1. oktober.

Det skriv The Guardian.

Ifølgje avisa er også 300 elevar, lærarar og brannkonstablar skada.

– Utdanningssystemet er øydelagt

Elevane protesterer mot lange dagar, overfylte klassar, for få lærarar og for varme klasserom under hetebølgene som har vore.

– Me er ikkje her for å øydelegge alt utan grunn, sa ei 16 år gamal jente til nyheitsbyrået AFP, ifølgje BBC.

– Me er her for å seie at utdanningssystemet er øydelagt. Me er 34 i kvar klasse, og det funkar ikkje. Lærarane er overarbeidde, sa eleven.

Elevane har blant anna sett opp blokadar framfor skulane sine, sett fyr på søppelkassar og kasta prosjektil på politiet, ifølgje BBC.

Opprørspoliti har blitt sett inn for å handtere dei meir og meir valdelege protestane, skriv The Guardian.

Avisa skriv at det har vore om lag 900 demonstrasjonar, blokadar og relaterte hendingar utanfor vidaregåande skular rundt om i landet, ifølgje fransk politi.

Elevane har også blokkert inngangane til rundt 30 universitet.

Ei mengde studentar demonstrerar.

Franske elevar er frustrerte over forholda i den offentlege skulen. Her demonstrerer dei framfor ein blokade i Lyon fredag 2. oktober.

Tåregass

Utdanningsminister Édouard Geffray seier at nokre av krava til elevane er legitime, men at valden bekymrar han, ifølgje BBC.

Innanriksminister Laurent Nuñez meiner politiresponsen har vore «ekstremt proporsjonal».

Samtidig reagerer elevforeininga for vidaregåande skular (USL) på det dei meiner er undertrykking frå styresmaktene og overdriven bruk av vald mot elevane.

Nokre politikarar har også reagert på politiresponsen.

– Kvar gong me prøver å uttrykke oss blir me tåregassa. Dei prøver ikkje å forstå oss, sa elevar til France Inter radio, ifølgje BBC.

Utdanningsminister Geffray skal møte representantar for elevane i dag fredag, ifølgje The Guardian. Han anbefaler lycée-skulane i landet å ha heimeundervisning.

Statsminister Sébastien Lecornu heldt krisemøte på torsdag.

Politikarar heiar

Franske myndigheiter har skulda venstrepartiet La France Insoumise (LFI) for å oppfordre til protestane.

Fleire parlamentsmedlemmar og ordførarar frå partiet har heia på protestane, ifølgje The Guardian.

Presidentkandidaten til LFI Jean-Luc Mélenchon sa torsdag at partiet støtter ikkje-valdelege opprørsmetodar og at den største bekymringa hans er den utolelege mengda politivald mot unge menneske, skriv avisa.

Marine Le Pen frå ytre-høgre-partiet Nasjonal Samling meiner også at LFI står bak, og ho krev ein ny anti-opprørslov, ifølgje The Financial Times.