Regjeringa vil ha mellombels forbod mot KI-briller

Regjeringa vil innføre eit forbod mot KI-briller, men ikkje overalt, og berre mellombels.

NPK-NTB
Publisert

Og fire veker etter at han starta i jobben som ny digitaliserings- og forvaltningsminister, vil Torgeir Micaelsen (Ap) ta grep.

– Eg er uroleg for at det blir introdusert ny, kraftig teknologi der folk risikerer å bli fotograferte, filma eller teke lydopptak av utan at dei veit det. Vi vil derfor innføre eit mellombels forbod mot KI-briller på utvalde stader, seier Micaelsen.

Mellombels

Dei utvalde stadene regjeringa no vil bannlyse smartbrillene, er der «allmenta ferdast», for å verne barn, og på stader der personvern er særleg viktig.

– Arbeidet med eit mellombels forbod mot KI-briller er høgt prioritert, og regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med eit lovforslag så raskt det lèt seg gjere, seier Micaelsen.

Tiltaket skal vere mellombels fordi regjeringa skal setje ned ei ekspertgruppe som skal gi råd om ei varig nasjonal regulering av KI-briller. Arbeidet med å setje ned gruppa er i gang, får NTB opplyst.

Utvalde stader

Dei utvalde stadene den ferske digitaliseringsministeren ser for seg kan bli omfatta av forbodet, vil vere:

I tillegg vil regjeringa vurdere om forbodet skal omfatte universitet, høgskular og andre utdanningsinstitusjonar.

Sårbare grupper

Micaelsen meiner det er gode grunnar for at ein ikkje set ned eit totalt forbod medan ein ventar på ei endeleg avklaring.

– Det vil bli opna for unntak frå forbodet slik at sårbare grupper kan få fritak og for å mogleggjere samfunnsnyttig bruk i avgrensa tilfelle, skriv departementet.

Micaelsen kom til den motsette konklusjonen av forgjengaren Karianne Tung (Ap), som då ho gjekk ut av regjeringa i september ville ha strengare reglar, men ikkje forbod.

Mange forbod allereie

Internt i regjeringa har kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) allereie bede alle norske kommunar om å forby KI-briller i skulane.

Fleire parti på Stortinget har også teke til orde for mellombels forbod. SV har gått inn for salsstopp til reguleringar er på plass. Senterpartiet ønskjer forbod for KI-briller rundt barn.

Allereie i sommar gjekk Datatilsynet breitt ut og bad Stortinget vurdere å stanse salet av slike briller til det er etablert eit regelverk. Fleire bedrifter har også innført eigne forbod mot KI-briller.

I DNB fann dei ut at det var nødvendig å ta eigne grep fordi det manglar lovverk for bruk av smartbriller. DNB fryktar at kundeinformasjon eller fortrulege samtalar kan fangast opp ved hjelp av brillene.

– Slike briller introduserer ei rekkje risikoar innan informasjonstryggleik og arbeidsmiljø, uttalte informasjonsdirektør Sissel Rinde i Equinor til EnergiWatch seinast førre veke.