Onsdag samla tusenvis av nordmenn seg i Oslo for å sjå gravferda til kong Harald V.
Kongens siste reise gjekk frå slottet til Oslo domkyrkje, der representantar frå heile verda deltok i gravferdsseremonien. Blant dei frammøtte var dei skandinaviske kongefamiliane, og britiske prins William.
Etter seremonien gjekk den norske kongefamilien i ein mindre prosesjon til slottskyrkja på Akershus festning. Der blei kong Harald gravlagd i Det kongelege mausoleet, skriv NRK.
Då kong Haakon kom ut av slottskyrkja blei flagg på halv stong heist til topps, noko som markerte slutten på 13 dagar landesorg, og at kong Haakon no er konge av Noreg.
Det betyr og at borgfreden, ei avtale om at dei norske politiske partia ikkje skulle diskutere politikk i sørgeperioden, no er over.
Kista til kong Harald var dekt i eit raudt klede. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg
Krisetal i norsk Pisa-undersøking
Tala frå den internasjonale undersøkinga Pisa kom denne veka, og norske elevar har hatt ei negativ utvikling.
Undersøkinga måler tiandeklassingar i lesing, skriving og matematikk. Norske elevar har i snitt blitt dårlegare dei siste ti åra, og Noreg er no under det internasjonale gjennomsnittet i alle tre faga.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) trossa borgfreden, og kalla tala alarmerande under ein pressekonferanse tidlegare denne veka.
FrP-leiar Sylvi Listhaug meiner norsk skule er ein katastrofe, medan statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier ho ikkje kan skyve frå seg ansvaret frå tida ho var i regjering.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun på framlegginga av tala frå Pisa-undersøkinga. | Foto: Terje Pedersen / NTB
Støre gjer regjerings-rokade
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) stadfestar fredag morgon at han skal gjere fleire store endringar i regjeringa si. Endringane vil bli gjort i statsråd på slottet kl. 11.
Ifølgje NRK blir tre ministrar bytte ut. Jon-Ivar Nygård går av som samferdselsminister, Karianne Tung går av som digitaliserings- og forvaltningsminister og Andreas Bjelland Eriksen går av som klima- og miljøminister. NRK erfarer at dei går av frivillig, og skal tilbake på Stortinget.
Inn kjem Kamzy Gunaratnam som samferdselsminister, og Torgeir Micaelsen som digitaliserings- og forvaltningsminister.
Sigrun Aasland, noverande statsråd for forsking og høgare utdanning, skal ta over klima- og miljøministerposten.
For ho kjem Eileen Fugelsnes inn som forskings- og høgare utdanningsminister.
Slik såg det ut då Støre presenterte regjeringa i 2025. | Foto: Lise Åserud / NTB
Stor siger til høgrepopulistisk parti i Tyskland
Ytre høgre-partiet Alternative für Deutschland (AfD) fekk ein overveldande siger i delstaten Sachsen-Anhalt i Tyskland førre helg.
Med 43,8 prosent av røystene har partiet likevel ikkje klart å sikre seg fleirtal, som dei treng for å styre.
Dei andre partia i Tyskland har nemleg sett opp ein såkalla «brannmur» mot partiet. Dei har svore at dei ikkje vil samarbeide med AfD fordi dei er redde for at ytre høgre skal få makta igjen.
AfD-avdelinga i delstaten har blitt klassifisert som høgre-ekstremistisk av den tyske tryggingstenesta.
Toppkandidat i AfD, Ulrich Siegmund, fekk gratulasjonar av Elon Musk etter sigeren. | Foto: AP Photo/Matthias Schrader
Rekordvarm august
Årets varmerekordar held fram. Det har aldri vore målt høgare global gjennomsnittstemperatur i august, skriv Euronews. August 2026 er òg den varmaste månaden vi nokon gong har målt.
Det globale gjennomsnittet i august var 1,65 grader celsius høgare enn før den industrielle revolusjonen. Det betyr at vi for fyrste gong sidan november i fjor har overstige 1,5 gradersmålet sett i Parisavtala.
Observasjonane viser korleis klimaendringane påverkar globale temperaturar. Over heile verda har det vore rekordvarme sommarmånader, som har ført til ekstrem tørke, skogbrannar, og dødsfall.
Utan stans i bruk av fossile brensel, vil heterekordane fortsette, seier ein representant for FN, ifølge Euronews.
Ekstremvarmen dei siste månadene har ført til store skogbrannar. | Foto: Manon Cruz/Pool Photo via AP
Trump vil betale for veljarar
Det nærmar seg mellomval i USA, der landet skal røyste fram representantar til Kongressen og Senatet.
No går president Donald Trump hardt ut for å vinne republikanske veljarar, melder BBC. På ein val-konferanse lova han 5000 dollar til kvar einaste vaksne amerikanar om republikanarane får fleirtal i både Kongressen og Senatet.
I eit land med 270 millionar vaksne, tilsvarar det meir enn tusen milliardar dollar. Det er ikkje klart kor pengane skal kome frå, og demokratane kallar det «tomme løfte» ifølge BBC.
Trump har òg hevda at oljeprisane ikkje vil gå ned, og at krigen med Iran ikkje vil ta slutt, før etter mellomvalet.
Donald Trump på den fyrste republikanske konferansen i anledning eit mellomval. | Foto: AP Photo/Julia Demaree Nikhinson
Dette er fyrste gong satellittar har blitt skotne opp frå europeisk jord. Det er tyske Isar Aerospace som har laga raketten.
Ein av satellittane er laga av studentar ved NTNU. Han skal teste effekten av solcellepanel.
Hovudmålet for oppdraget har vore å kunne tilby ein rakett som påliteleg kan sende satellittar til rommet frå Europa, som til no ikkje har hatt uavhengig tilgang til verdsrommet.
Laurdag kveld blei den tyske raketten skote i bane rundt jorda. | Foto: Isar Aerospace / Handout / NTB
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.