Eit verkeleg liv – ei bok om kjærleik, eller noko heilt anna forkledd som det?

Nyttig åtvaring eller trøystande lesing: Ein bør lese denne boka i tilfelle ein hamnar der sjølv, og før det skjer med nokon ein er glad i.

Hanna Marie Haug
Publisert

Ho skriv som ei kvinne som elskar. Dansar kring dei store, alvorlege, tunge og brå orda med lette steg. Ho elskar. Ho blir elska. Og det gjer vondt.

Ingrid Z. Aanestad sin roman er ekte vare. Ho handlar om Liv, ein ung journalist i hovudstaden som blir vaksen og forelska, slik så mange før og etter ho. Eg kjenner meg att i mykje, og det trur eg ein gjer òg om ein ikkje er journalist og ung i hovudstaden.

«Eit verkeleg liv»

Forfattar: Ingrid Z. Aanestad

Utgjeve: August 2026

Forlag: Forlaget Oktober

Sjanger: Roman

 

Eg vart ikkje samd med meg sjølv: Er dette ei bok om skuggesida av kjærleik? Eller er det ei bok om noko anna, forkledd i kjærleik? Ei bok om å miste seg sjølv og late nokon andre få for mykje makt? Eg veit ikkje om det er to sider av same mynt, eller om det berre heng saman. For det gjer ofte det.

Ho vil meg noko

Aanestad skriv korte setningar, men med mykje kjensler. Ho skildrar godt og eg likar bileta hennar. Ho skriv om kjærleikssorg slik berre nokon som har vore gjennom det kan (trur eg). Den tyske filosofen Hartmut Rosa skriv om omgrepet resonans – om korleis vi må øve oss på å la ting tale til oss, vere open for at noko vil oss noko. Aanestad sine ord treng eg ikkje konsentrere meg for å ta imot, dei trengjer seg på. Dei vil meg noko.

Det gjer meg ikkje uroleg at ho hoppar litt fram og tilbake mot slutten av boka. Forfattaren avslørar kor det ber til ganske tidleg, men det plager meg ikkje. Eg berre lurer på korleis dei hamnar der. Det gjev meining fordi Liv veit det sjølv òg, slik det ofte er når ein står i vanskelege relasjonar. Og Aanestad skriv fram svara, slik litteratur verkar på sitt beste. «Eg ville aldri ha late ein mann behandla meg slik» skriv Liv i dagboka si.

Finst ikkje sjølv

Idun er den første kvinna Liv er kjærast med. Eg ser dei begge to, men Idun står klårast føre meg – tydeleg teikna av ei som er glad i henne. Nokre år eldre, tilsynelatande vellukka, landa og like fullt såra av ting vi ikkje får vite mykje om.

Eg les sjeldan namnet til Liv. Kanskje er det fordi ho ikkje finst i seg sjølv lenger? Fordi Idun er ho som definerer Liv. Det er godt gjort av forfattaren. Men Idun er sjuk på sin måte, og det er skremmande. Aanestad viser oss kor lett det er å hamne ein plass ein ikkje burde vere, og kor vanskeleg det kan vere å kome seg vekk.

Det er som om Liv undersel seg sjølv og sine eigne tankar. Og samstundes ikkje. For i somme augeblink høyrest ho hovmodig ut, betrevitande. Det likar eg ikkje. Som når ho skriv at ho ikkje kan lære noko av folk ho intervjuar som journalist. Det tenkjer eg er det dummaste eg har høyrd (og då står eg i fare for å hamne i same grøfta). Men det gjer òg boka realistisk. Eg trur på ho.

Gløymer alt vi ikkje kan gløyme

Ein kan bli sitjande fast i ting som er vonde, utan at ein merkar det. Eller ein merkar det, men ein vel det likevel. Ein mister seg sjølv då. Kjærleik gjer blind, og eg er blank i auga. Orda hennar seier òg noko viktig om kva som skjer når ein skal vidare. Om smerte som følgjer med, lenge.

Det er noko menneskeleg å velje å sjå det vakre i det vonde. Å la dei få solfylte glimta sigre. Vi vil at dei skal vinne. For om dei vinn, vinn vi – trur vi. Men vi gløymer alt vi ikkje kan gløyme.