Noreg har fått ei ny, ung kronprinsesse
Etter kong Haralds død er Ingrid Alexandra (22) no kronprinsesse.
– Eg lærer utruleg mykje av å sjå både på korleis mamma og pappa gjer ting, og korleis bestemor og bestefar gjer ting. Korleis dei handterer situasjonar, sa dåverande prinsesse Ingrid Alexandra ved utgangen av 2025, i eit intervju med NRK.
Det var eit år der ho for første gong representerte kongehuset under statsbesøk, då presidentparet frå Island var på visitt. Passande, sidan ho i 2004, berre fem månader gammal, var med på sitt første offisielle utanlandsbesøk til nettopp Island.
I juni 2025 heldt ho sin første audiens åleine. I desember same år var dei tre generasjonane side om side då ho for første gong var til stades under fredsprisutdelinga i Oslo rådhus. Ho sette stor pris på å kunne gjere dette saman med foreldra og besteforeldra, særleg med kong Harald.
– Eg trur både det kjem til å gi meg veldig mykje i framtida, og det gir meg mykje no. Eg får sett og lært av korleis han gjer ting, sa Ingrid Alexandra.

I samband med myndigdagen i 2022 var prinsesse Ingrid Alexandra til stades i statsråd saman med kong Harald og kronprins Haakon. Frå regjeringa deltok mellom anna statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp). Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
I bestefars fotspor
Kong Harald sa sjølv at han syntest det var veldig hyggeleg å ha sonedottera ved si side.
– Ho kan sjå og lære og treng ikkje å spørje heile tida: «Kva gjer eg no?». Ho kan følgje med og sjå korleis dette går føre seg, sa han.
Det dåverande kongeparet var samde om at framtida kjendest sikra.
I januar 2026, knapt 22 år gammal, reiste kronprinsessa på sitt første nasjonale oppdrag åleine, eit tre dagar langt besøk til Finnmark. Då følgde ho i fotspora til besteforeldra: Finnmark var også reisemålet då dåverande kronprins Harald og kronprinsesse Sonja drog på si første store offisielle reise i Noreg, i april 1969.

Prinsesse Ingrid Alexandra og kong Harald vinkar frå slottsbalkongen 17. mai 2019. Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Kom heim frå Sydney
17. mai 2026 representerte ho for første gong det norske kongehuset på nasjonaldagen åleine. Det var også første gong ho feira han i utlandet, nærare bestemt i Sydney i Australia.
Kort tid etter kom ho til Noreg for å vere saman med familien då mora fekk transplantert nye lunger i juni. Omtrent samtidig vedtok Stortinget einstemmig å innstille på å endre Grunnlova slik at dåverande prinsesse Ingrid Alexandra kunne fungere som regent i kongen og kronprinsen sitt fråvær.
I august same år starta prinsesse Ingrid Alexandra opp igjen studia, då ved Universitetet i Oslo, som utvekslingsstudent frå Sydney. Ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet var fagområda samanliknande politikk og konfliktløysing.
Det første møtet
Det var 21. januar 2004 klokka 9.13 at kronprinsessa vart fødd på Rikshospitalet i Oslo.
– Ho kom til verda, opna auga og kommuniserte med oss, såg på oss og hadde blikkontakt. Etter ein time sovna ho. Det var veldig fint og kan tilrådast, sa far hennar på ein pressekonferanse berre fire og ein halv time etter fødselen.
Dei offisielle oppdraga på vegner av kongehuset starta tidleg. Ho var på plass på Kongetribunen i Holmenkollen då ho var litt under to månader gammal, og berre fem månader gammal helsa ho folket for første gong frå slottsbalkongen på 17. mai.

Snaue tre månader gammal var det ei gråtande prinsesse Ingrid Alexandra som vart døypt i Slottskapellet. Men gråten hadde stilna då ho vart vist fram frå Slottsbalkongen. Prinsessa vart døypt i den same kjolen som kong Olav i 1903. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
– Ein ny æra
Med prinsesse Ingrid Alexandras fødsel byrja ein ny æra i Noreg, påpeika kong Harald då ho vart konfirmert i 2019. Det var den første kongelege konfirmasjonen i Noreg på over 30 år.
Ei arveprinsesse hadde ikkje Noreg hatt sidan dronning Margrete I styrte landet som del av Kalmarunionen på 1300-talet, sa han vidare til barnebarnet sitt.
– Du er pliktoppfyllande, medviten og flink. Du er varm og klok. Du har humor, sa kong Harald i konfirmasjonstalen.

Prinsesse Ingrid Alexandra vart konfirmert i Slottskapellet og fekk ein raudtrøyebunad frå Aust-Telemark i gåve frå besteforeldra. Dronning Sonja har brodert sokkane. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
– Og så trur eg du har teke med deg ein god porsjon av vitebegjæret til bestemora di. Du er sosial og får lett venner. Alt dette er gull verdt på livsvegen din, la han til.
Kong Harald la vekt på at han og dronning Sonja har hatt glede av å følgje henne gjennom oppveksten, og at dei med tida har vorte trygge på at ho ein dag vil vere i stand til å ta fatt på oppgåvene ho er fødd til.
Fridom i plikta
Då kronprinsessa fylte 18 år i 2022, fekk ho sitt eige kontor på slottet. I eit intervju med NRK uttrykte ho takksemd for moglegheita ho har fått.
– Ein kan sjølvsagt drøyme seg bort og undre seg på korleis eit heilt anna liv hadde vore. Det gjer jo eg òg. Men det er ikkje det livet eg lever, så det er vanskeleg å førestille seg å ikkje vere i den rolla eg er i, sa ho då.
I talen til Ingrid Alexandra på attenårsdagen la foreldra hennar vekt på at ho skal få lov til å gjere feil, og at det til og med i plikta er mogleg å finne ei kjensle av fridom.
– For alle menneske har høve til å finne fridommen sin. Og det har du òg, sa pappa Haakon.

Mamma Mette-Marit rosa styrken hennar
– Du har alltid hatt ein enorm rettferdssans i deg og ein styrke til å stå i ting. Du har verna brørne dine med nebb og klør og stor kraft dersom det har vore nødvendig, sa ho.
I februar 2026 gjorde Ingrid Alexandra noko som vart oppfatta som nettopp det: Etter mykje omtale i media av kronprinsesse Mette-Marits kontakt med seksualforbrytaren Jeffrey Epstein og den omfattande rettssaka mot halvbroren Marius Borg Høiby, la ho ut eit innlegg på sosiale medium med generell kritikk mot media.
– Eg valde å leggje henne ut her. Fordi eg blir heilt galen. Når er det nok? spurde ho i teksten.
Russ og rekrutt
Hausten 2020 vart ho elev på Elvebakken vidaregåande skule i Oslo, der ho var russ og vart uteksaminert våren 2023.
I samband med russetida ønskte ho alle medrussane sine ei «amazing» feiring og minte folk på å passe på kvarandre.
I januar 2024 starta ho førstegongstenesta i ingeniørbataljonen i Skjold leir i Indre Troms. I mangel på etternamn vart ho tiltalt som rekrutt Alexandra.
Ho tok fagutdanning som ingeniørsoldat i Brigade Nord i Hæren, med tenestestilling som skyttar på stridskøyretøyet CV90 RWS STING. Det er ei stormingeniørvogn i eit pansra ingeniørkompani.
Opphavleg skulle ho vere der i eitt år, men forlengde opphaldet til 15 månader og dimitterte i april 2025. Så auka dei offisielle oppdraga.
Sommaren 2026 hadde ho ei rekke offisielle programpostar, og fleire var knytte til fotball-VM og kampane og heimkomsten til det norske landslaget.

I mammas fotspor
Då kronprinsessa i 2025 starta på ein treårig bachelor i samfunnsfag ved Universitetet i Sydney, Australia, valde ho fordjupingar i internasjonale forhold og politisk økonomi. Også mor til kronprinsessa, den gongen Mette-Marit Tjessem Høiby, budde i Australia omtrent på same alder. Midt på 1990-talet var ho eit år som utvekslingsstudent ved Wangaratta High School i Wangaratta i delstaten Victoria.
– Det er nokre av dei finaste åra i livet som ho skal ha framfor seg no. Eg synest det er så fantastisk at ho får oppleve det, vi synest det er veldig gøy at ho skal ut og studere, sa den stolte mora då Ingrid Alexandra skulle reise i 2025.
I juni 2026 såg den dåverande prinsessa det nødvendig å reise heim ein periode, for å kunne vere hos familien i samband med lungeoperasjonen til mora og etterfølgjande rekonvalesens.
Om vegen til kronprinsessa vidare har mor hennar sagt at det viktigaste er at ho sjølv bestemmer kva ho skal gjere.
– Eg synest det er viktig for at ho skal ha eigarskap til og ikkje minst motivasjon for det ho driv med, sa mamma Mette-Marit i 2025.






