Ingrid Alexandra er 18 år – her er 18 ting du kanskje ikkje visste om prinsessa

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. Kvinneleg monark

Dronning Margrete (1353 –1412).
Foto: Wikipedia/Hans Peter Hansen – Niels Bache’s Nordens Historie, 1884

Dersom Ingrid Alexandra blir dronning i Noreg, slik som planen er, blir ho landets andre kvinnelege monark, og den første regjerande dronninga.

Den første kvinnelege monarken var dronning Margrete, som var ikkje-regjerande dronning av Noreg gjennom ekteskapet med Håkon 6. Magnusson frå 1363 til 1412. Ho vart seinare nordisk riksstyrar og grunnleggjar av Kalmarunionen. 

Då far til prinsesse Ingrid Alexandra blei kronprins, var det ikkje fordi han var eldstemann i søskenflokken, slik det er vanleg i dag. Søstera Märtha Louise er faktisk eldre enn han, men ho fekk ikkje bli tronarving fordi ho er kvinne. Dette blei endra i 1990, så no er det prinsesse Ingrid Alexandra som er nummer to i arverekka i Noreg, etter kronprins Haakon.

2. Kongelege bunadar

Prinsessa har blitt sett i fleire ulike bunadar opp gjennom åra. Til konfirmasjonen fekk ho to bunadar i gåve. Den eine bunaden er ein Asker-bunad som ho fekk av Asker kommune og Asker Husflidslag, sidan kronprinsfamilien bur på Skaugum i Asker. Ho hadde på seg bunaden på 17. mai i 2020. 

Året før hadde ho på seg bunad frå Vest-Agder, der mora Mette-Marit kjem frå. 

I 2021 brukte prinsessa bunaden ho fekk av besteforeldra til konfirmasjonen, på nasjonaldagen. Foreldra til dronning Sonja kom frå Telemark, og både dronninga, dotter Märtha Louise og borneborna Maud Angelica og Leah Isadora har bunadar frå Aust-Telemark. Dei har alle Anne Bamble-bunaden, medan prinsesse Ingrid Alexandra har ein rekonstruert og spesiallaga Aust-Telemarksbunad.

2019: Prinsesse Ingrid Alexandra vert konfirmert i Slottskapellet. Bunaden frå Aust-Telemark er ei gåve frå kongeparet.
Foto: Lise Åserud / NTB POOL

Dronninga har sjølv brodert vadmelstrømpene til bunaden, og Ingrid Alexandra har vore med å velje ut delar til bunaden sin. På forkleet hennar er det ei raud, lita riksløve i kvart hjørne, og vi finn i tillegg monogramma til Kongeparet og Prinsessa. Forkleet er vidare pynta med antikke silkeband og 600 rabarbraperler som gjer at det glitrar.

3: Tiara i 18-årsgåve?

Har du lagt merke til at vi aldri har sett prinsesse Ingrid Alexandra med tiara eller diadem, som jo er vanleg for kongelege?

Det er fordi det er tradisjon at dei kongelege får sitt første hovudsmykke når dei fyller 18 år eller når dei blir gifta inn i kongefamilien, ifølgje Se og Hør.

Truleg vil prinsesse Ingrid Alexandra få eit diadem av kongeparet i bursdagsgåve, det fekk i alle fall prinsesse Märtha Louise då ho blei myndig.

Dessverre må vi vente med å sjå kva for tiara Ingrid Alexandra debuterer med, sidan gallamiddagen hennar på Slottet er utsett på grunn av koronapandemien, men ekspertane spekulærer i kva ho truleg vil bere.

Tsjekkia 1997: Dronning Sonja under middagen i presidentpalasset. Diademet er det såkalla “viftediademet”, som dronning Maud i si tid fekk av si farmor, dronning Victoria. Øyredobbane er diamantøyredobbane som var kong Olav si sølvbryllupsgåve til kronprinsesse Märtha.)
Foto: Lise Åserud / NTB

Fleire av dei Se og Hør har snakka med trekker fram det kjende Viftediademet, då det passar som ein byrjartiara og er kjært i kongefamilien. Diademet fekk dronning Maud i bryllaupsgåve 1896.

Nokre håpar kongen vil gå til innkjøp av eit heilt nytt, norskprodusert diadem, medan andre drøymer om å sjå dronning Maud sitt diamantdiadem, som ikkje har vore brukt sidan prinsesse Ragnhild døydde i 2012. Eller kanskje har det dukka opp eit heilt ukjent diadem i eit av Slottets mange rom?

4. Saluttar på bursdagen

Ei bursdagsgåve vi derimot kan slå fast med sikkerheit, er gåva prinsesse Ingrid Alexandra får frå Forsvaret.

Skal tru om prinsessa synest gåva er heilt kanon – ho får i alle fall saluttar over heile landet. Forsvaret har kunngjort at Ingrid Alexandra skal blir heidra med saluttar frå alle saluttstasjonane på bursdagen sin, og kanonane skal saluttere 21 skot kvar.

5. Kongelege hundar

Prinsessa har hatt tre hundar så langt, alle av rasen Labradoodle, ei blanding av labrador retriever og puddel. Den første fekk kongefamilien i 2009, og heiter Milly Kakao.

2010: Prinsesse Ingrid Alexandra saman med prins Sverre Magnus og med labradoodle-hunden Milly Kakao. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / POOL

I 2013 fekk Milly Kakao kvalpar, og dei beheldt dottera Muffins Kråkebolle. Ho døydde av kreft 7 år gamal i 2021. Same året fekk dei ein ny labradoodle: Molly Fiskebolle.

Det har vore vanleg for kongefamiliar å ha minst ein hund i hus.

6. Naturreservat i konfirmasjonsgåve

Det skal vere storslått når ein får gåver til konfirmasjonen, men kva gir ein til nokon som bur på slott og skal bli dronning? Eit naturreservat, sjølvsagt!

Gåva kom frå regjeringa Solberg. Dei døypte om eit naturreservat på Bygdøy til Prinsesseåsen naturreservat.

2019: Gåvebordet til prinsesse Ingrid Alexandra til konfirmasjonen.
Foto: Lise Åserud / NTB

Den spesielle Aust-Telemarks-bunaden frå besteforeldra, dronning Sonja og kong Harald V, og Asker-bunaden har me vore innom.

Frå Stortinget fekk ho turutstyr og kurs i fjellklatring og bre-vandring. I tillegg fekk ho eit eksemplar av siste utgåve av Noregs lover.

Statsforvaltarane i Noreg gav ho gåvekort på eit surfekurs, medan dåverande statsminister Erna Solberg gav prinsessa måleriet «My moment With Lilac» av kunstnar Tyra Tingleff. Frå Sametinget fekk prinsessa ein turkopp med samisk dekorasjon.

Ho fekk sjølvsagt også mykje meir og heile lista kan du lese her.

7. Første offisielle oppdrag

Fem år gamal hadde prinsesse Ingrid Alexandra sitt første offisielle oppdrag – (unntatt 17. mai og Holmenkollen).

5. juni 2009 møtte ho Miljøagentparaden på Slottsplassen saman med mora, kronprinsesse Mette-Marit.

2009: Prinsesse Ingrid Alexandra (t.v.) tok i mot Elsa Engstad Larsen (4) og Miljøagentparaden på Slottsplassen. Foto: Lise Åserud / NTB

8: Eige frimerke

Når ei komande dronning vert døypt, er det ikkje berre sølvskeier og smykkeskrin som ligg på gåvebordet. Posten Norge heidra nemleg Ingrid Alexandra med eit eige frimerke i høve dåpsdagen

Frimerket synte eit bilete av den vesle prinsessa, knipsa av fotograf Guri Dahl, og vart gjeve ut i 1,8 millionar eksemplar. 

2004. Posten Norge presenterte eit nytt frimerke med bilete av prinsesse Ingrid Alexandra, i samband med dåpe hennar. Foto: Posten Norge / SCANPIX

9: OL-eld

22 år etter kronsprins Haakon tente OL-elden på Lillehammer, så fekk Ingrid Alexandra oppleve det same

I 2016 tente ho nemleg OL-elden, då vinter-OL for ungdom gjekk av stabelen på Lillehammer. 

2016: Ungdoms-OL. Lillehammer 2016. Prinsesse Ingrid Alexandra saman med skodespelar Eilif Hellum Noraker. Foto: Terje Pedersen / NTB

10: Skulle eigentleg hatt eit anna namn

Ingrid Alexandra skulle eigentleg hatt eit heilt anna namn enn det ho har i dag. I 2017 fortalde kronprinsesse Mette-Marit at ho eigentleg skulle heite Tyra Eufemia. Grunnen til at ho og kronprins Haakon gjekk vekk frå namnet, var fordi det var så spesielt. Dei torde rett og slett ikkje, og gjekk heller for Ingrid Alexandra. 

– Hadde det vore i dag, hadde me nok gjort det, men me er jo også så glade for at det vart Ingrid Alexandra, fortalde ho.

11: NM-gull i surfing

Prinsesse Ingrid Alexandra er ein ivrig surfar, slik som også pappaen hennar, kronprins Haakon har vore. I 2020 kom derimot høgdepunktet, då Ingrid Alexandra surfa inn til NM-gull for juniorar!

Konkurransen vart arrangert på Jæren, og prinsessa vann med 12.83 poeng, skriv NRK.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Det Norske Kongehuset (@detnorskekongehus)

12: Kjedeleg å ta bilete

På Julemorgen i 2012, var prinsessa åtte år gamal og fortalde at det kjedelegaste med å vera kongeleg var å bli teken bilete av. (04:24)

– Det er når ein sit, og sit, og sit og ikkje får teke det perfekte bilete. Og Sverre Magnus, veslebror min, greier ikkje å sitje stille!

13. Tenarar?

Under same intervjuet på fekk prinsessa spørsmål om ho hadde mange tenarar. (12:36)

– Nei! Me har ingen tenarar, svara den åtte år gamle prinsessa.

Kronprins Haakon la til at dei har mange snille folk som hjelper dei.

– Men me har ikkje tenarar direkte. Dei blir veldig sinte viss me kallar dei tenarar, i alle fall.

Kronprinsen spør henne overraska om ho har gjort det nokon gong:

– Ja..!

14. Klimaengasjert

Under konfirmasjonen sin fekk alle gjestene ei gåve med eit spesielt frø-ark. Der var ei helsing frå prinsessa sjølv: Når dette papiret legges i jorda, vil det med tiden vokse fram forskjellige fargerike sommerblomster. Jeg håper det kan være et fint minne, og en påminnelse om at det er bare vi som kan ta vare på jorden vår.

15. Flaug med jagarfly

I desember 2021 vart prinsessa ein av dei siste som flaug F-16 i Norge. Jagerflya er i ferd med å fasast ut etter 40 år i teneste. Dei neste jagarflya har ikkje to-sete, så truleg er det siste gong ein kongeleg var med i eit nasjonalt jagarfly i det heile tatt.

Når prinsesse Ingrid Alexandra ein dag blir dronning, blir ho også øvstkommanderande i Forsvaret.

2021: Prinsesse Ingrid Alexandra besøkte 11. desember 132 luftving ved Luftforsvarets base Bodø. Her fekk ho mellom anna vere med på bakesetetur i en F-16. Vert for besøket var Sjef Luftforsvaret, generalmajor Rolf Folland
Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret / NTB

16: Har si eiga kake

Tenk å ha ei kake som er oppkalla etter deg! Det har nemleg prinsesse Ingrid Alexandra. Kaka er ei bringebærterte, og ho vart spesiallaga av kokkane på Slottet i til dåpen hennar.

Lurer du på korleis ho smakar? Her er oppskrifta. 

17. Ingen skule-nynorsk

Prinsessa gjekk tidlegare på ein internasjonal privatskule (Oslo International School) der hovudspråket var engelsk. Dimed var norsk framandspråk og sidemål ikkje aktuelt.

Men ho deltok i ei lesegruppe med tidligare kabinettsekretær Berit Tversland, der dei tok føre seg tekstar på både nynorsk og bokmål, ifølgje VG.

I dag går Ingrid Alexandra på Elvebakken videregåande skole i Oslo.

18. Kontor på slottet

Før 18-årsdagen har prinsessa fått eit eige kontor på Slottet. Ho har også nettopp fått sin første adjutant, ein slags assistent eller sekretær, som vart utnemnt i statsråd i desember.

18.januar 20221:
Prinsesse Ingrid Alexandra, fotografert på sitt nye kontor på Slottet.
Foto: Ida Bjørvik / Det kongelige hoff / NTB

Oppdatering, 21.01 kl. 19.20: I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at Ingrid Alexandra går på privatskule. Det rette er at ho gjekk på privatskule, men i dag er elev hjå Elvebakken vgs.