Stortinget seier ja til at Ingrid Alexandra kan leie statsråd
Eit samrøystes storting vil endre Grunnlova slik at prinsesse Ingrid Alexandra kan fungere som regent i staden for kongen og kronprinsen.
Det kan bli prinsessa som leiar statsråd når situasjonen krev det. Det går fram av ei innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget tysdag.
I dag er det slik at dersom både kongen og kronprinsen er utilgjengelege, er det regjeringa som fungerer som statsoverhovud.
Ei av grunngivingane for forslaget er at ein kan komme i ein situasjon der regjeringa blir løyst opp eller må gjerast om.
– Då vil det vere veldig uheldig om det er regjeringa sjølv om peikar ut sine eigne etterfølgjarar, sa Sverre Myrli i Arbeidarpartiet då forslaget vart lagt fram i september 2024.
Stortinget røysta over saka 3. november, opplyser Myrli til Aftenposten.
Heilt konkret er det paragraf 41 i Grunnlova som blir endra og får eit nytt avsnitt om at barna til tronfølgjaren, den neste i arverekka, leiar regjeringa i statsråd når både kongen og tronfølgjaren er forhindra.
Ifølgje forslaget må vedkommande prins eller prinsesse ha fylt 18 år før dei kan fungere som regent.
Slik vil den neste arvborne etter tronfølgjaren kunne opparbeide seg praktisk erfaring i rolla som regent, meiner eit samrøystes storting.






