Tangen og Tung er nominerte til «Tenkekassa»: – Blodharry

Humanistisk ungdom har lansert finalistane til kåringa av årets KI-flause.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Artikkelen vart oppdatert 11.25 med svar frå Asker kommune.

Humanistisk ungdom (HU) deler ut Tenkekassa til den aktøren som har møtt eller brukt KI på den minst kritiske måten. No er tre finalistar klare:

Digitaliseringsminister Karianne Tung, Asker kommune og oljefond-sjef Nicolai Tangen.

Vinnaren skal kårast gjennom ei offentleg røysting på nettsidene til Humanistisk ungdom.

– Digital fast fashion

I grunngjevinga trekker KU fram at digitaliserings- og forvaltingsminister Karianne Tung (Ap) har gått i bresjen for bruk av KI i offentleg sektor, med eit oppdatert mål om at heile sektoren skal ta i bruk KI innan 2030.

– Om berre nokre få år vil altså heile det offentlege samfunnet vere gjennomsyra av ein teknologi vi så vidt har vorte kjende med, skriv HU.

– Det er ein form for digital fast fashion: Forhasta, ukritisk og unødvendig mykje. I tillegg er det truleg blodharry om eit par år.

HU omtalar Tung si «besetting» som tøysete og på grensa til urovekkande.

– Det evige jaget etter å bruke KI til kvar minste vesle ting, målar eit bilete av ein minister som ukritisk kastar seg på KI-bølga. Ein totaldigitalisering av offentleg sektor og heildekkande bruk av KI-verktøy, gjerne bygd av tek-gigantar frå vêrsjuke USA, er ikkje vegen å gå, skriv HU.

Dette svarar Karianne Tung:

Framtida har lagt kritikken fram for digitaliseringsministeren. Ho skriv:

– Nominasjonen tar eg med stor ro. Eg meiner kunstig intelligens kan vere nøkkelen til å løyse nokre av dei største samfunnsutfordringane våre: Brukt rett kan KI bidra til effektiv ressursbruk ved å automatisere prosessar og frigjere ressursar der vi kan, og gjere det lettare for folk å navigere i møte med det offentlege.

– Eg ønsker medfinalistane mine lukke til i innspurten av denne gjeve prisen, må den mest kreative «feilslutninga» vinne.

«Katastrofal» KI-blemme

Asker kommune er nominert for å ha brukt ein KI-konstruert dom til å kaste miljøaktivistar ut av eit kommunalt bygg som dei okkuperte i protest mot planar om å bygge ein sprengstoffabrikk.

I sakspapira til kommunen vart det referert til «dom HR20202135A» som slo fast at «ytringsfriheten ikke gir et ubetinget krav på å benytte enhver offentlig eller privat eiendom som arena for ytringer eller aksjoner». Problemet var at denne dommen ikkje finst – KI hadde funne han opp.

HU meiner denne tabben er «katastrofal» på fleire måtar.

– Ikkje berre har kommunens folkevalde og tilsette ukritisk brukt eit KI-verktøy i ei viktig sakshandsaming utan å gjere det nødvendige førehandsarbeidet; kommunen nektar å annullere vedtaket, sjølv om det er gjort på uekte premissar.

– Det er som at naturfaglæraren din har retta prøven din med Star Wars som fasit, og nektar å fjerne strykkarakteren, skriv HU.

Ungdomsorganisasjonen kallar dette ei ansvarsfråskriving og meiner vedtaket utgjer ein trugsel mot rettstryggleiken, ytringsfridomen og demonstrasjonsfridomen i kommunen.

– Asker kommune har gløymt at løgnarar lyg, sjølv om dei heiter Siri, Claude eller Chat, skriv HU.

Dette svarar Asker kommune

Framtida har lagt kritikken fram for Asker kommune. Kommunedirektør Lars Bjerke skriv:

– Vi kan ikkje anna enn å takke for nominasjonen. Det er bra at Humanistisk ungdom med nidprisen Tenkekassa set søkelys på tydinga av kritisk tenking, kjeldekritikk, refleksjon over eigne val og medviten bruk av ny teknologi som KI. Dette er noko Asker kommune også er svært oppteken av.

– KI-verktøy har kome for å bli, og gir mange moglegheiter. Samstundes opnar dei opp for ein del etiske problemstillingar som særleg vi som kommune og våre tilsette må vere merksame på.

– Vi er og har vore opptekne av å bruke KI-verktøy på ein medviten, klok og konstruktiv måte. Vi har lagt til rette for kurs og medvitgjering, og vi har over tid hatt ein rettleiar for organisasjonen i bruken av KI. Likevel viser saka som juryen har nemnt i grunngjevinga si, at feil kanskje og at umedviten bruk av KI kan slå uheldig ut.

– Vi dumma oss ut den gongen, men vi har lært av feilen, og kommunen sin rettleiar for bruk av KI vert no oppdatert for å legge til rette for at vi ikkje gjer same feilen igjen. Vi ser at teknologien utviklar seg raskare enn forvaltinga ofte klarar å følge med. Difor legg vi fram ein oppdatert rettleiar i september, kor vi mellom anna retter oss etter eit nytt EU-direktiv om bruk av kunstig intelligens. Då vil vi også sørge for at denne vert godt kjend i heile organisasjonen. Eg ser fram til det.

– Det er ikkje tvil om at KI er og kan vere eit kraftig verktøy og hjelpemiddel. Samstundes må vi hugse at kvar bruk av KI i kommunens arbeid alltid skal kvalitetssikrast ved at ein medarbeidar sjekkar innhaldet.

«Tjukk i huet»

I eit intervju med Kode 24 frå mars uttala Nicolai Tangen, direktør for Statens pensjonsfond utland (også kjent som Oljefondet), at «Hvis du nekter å bruke KI, da er du basically tjukk i huet. Og hvis du er så tjukk i huet, så skal du ikke jobbe her.» 

Vidare fortalde han at Oljefondet har eit mål om at alle tilsette skal bruke KI dagleg til koding, for å effektivisere arbeidsprosessar og styrke kvaliteten. Det skulle mellom anna gjere at dei tilsette slepp å bruke tid på «kjedelige oppgaver».

HU meiner det er ein ironi i at KI-skeptikarar vert kalla tjukke i hovudet for å ikkje ville bruke verktøy som skal tenke for deg.

– I frykt for å høyrest ut som å seie «speil» til nokon som er slem med deg på leikeplassen: Det kan argumenterast for at å ikkje tenke sjølv, nettopp gjer deg tjukk i hovudet, skriv HU.

– Humanistisk annonserer Nicolai Tangen som finalist til Tenkekassa, på bakgrunn av sin tydelegheit om at alle som ikkje brukar KI er dummedummedummedum, avsluttar organisasjonen.

Dette svarar Nicolai Tangen:

Framtida har lagt kritikken fram for oljefondssjefen. Han skriv:

– Eg likar å sette ting litt på spissen, og det gjorde eg her òg. Eg meiner at det er så store gevinstar å hente både i effektivitet og kostnader ved å bruke KI (i fondet sparar vi til dømes veldig store beløp i reduserte handlekostnader), at det er dumt å la vere å bruke det. Då går ein glipp av mykje.

– Det betyr sjølvsagt ikkje at ein skal bruke KI ukritisk. I Oljefondet er eitt av grunnprinsippa våre i KI-strategien nettopp at det alltid skal vere «a human in the loop», altså at vi alltid skal ha eit menneske til å sjå over og vurdere inputen vi får frå KI. Og vi lar til dømes ikkje maskiner ta investeringsavgjerder – det ansvaret ligg alltid hos ein porteføljeforvaltar.

Han viser også til Oljefondets eige dokument som skildrar deira synspunkt på ansvarleg bruk av kunstig intelligens: Ansvarlig kunstig intelligens