Fryktar at KI vil medføra søppel tilsvarande 250 Eiffeltårn årleg

Forskarar har estimert kor mykje ressursar kunstig intelligens brukar. Dei er redde for at verda ikkje forstår omfanget.

Magnus Rotevatn
Publisert

Forskarar knytt til FN og United Nations University meiner at miljøavtrykket til kunstig intelligens stadig blir underestimert.

Sjølv om teknologien blir meir effektiv, meiner forskarane at bruken aukar så kraftig at kunstig intelligens utgjer ein trugsel mot tilgangen til vatn og landressursar. Dei har gjennomført ein studie som undersøkjer miljøkonsekvensane av KI.

– Billegare og meir effektiv KI betyr eit auka KI-forbruk. Dimed blir det totale avtrykket mykje større enn det me sparar gjennom meir effektiv teknologi, seier Kaveh Madani i ei pressemelding. Han er ein av forskarane bak studien.

Mann kledd i dress
Kaveh Madani er blant forskarane som advarer om at kunstig intelligens brukar mykje ressursar. | Foto: Pixoos / Wikimedia Commons / CC BY-SA 4.0

Krev land, vatn og straum

Det er særleg infrastrukturen som den kunstige intelligensen er avhengig av, som skapar miljøutfordringar. Eit datasenter krev mykje landareal, vatn og straum.

Fordi maskinane i datasentera produserer veldig mykje varme, blir reint vatn bruka til nedkjøling. Varmen får vatnet til å fordampa, og dampen blir sleppt ut i atmosfæren. Dimed treng datasentera stadig nytt påfyll av vatn.

Forskarane trur at bruken av vatn knytt til datasenter vil tilsvare 9,3 billionar liter i året innan 2030. Det hadde vore nok til å gje alle i Afrika sør for Sahara nok vatn.

Dei er også uroa for mengda elektronisk avfall. Dei spår at innan 2030 vil mengda avfall per år frå infrastruktur knytt til KI-tenester vera 2,5 millionar tonn. Det er som om me årleg skulle kasta 250 Eiffeltårn.