Slik blir kommunebudsjetta endra
Fleire eldre og fleire unge et opp store deler av kommunepengane. I dag varsla kommunalministeren seks-sju nye milliardar til kommunane – og nye oppgåver.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
KS skuffa over revidert
Eit revidert statsbudsjett utan poseavgift var ikkje den einaste økonominyheita frå regjeringa i dag. Kommunalminister Jan Tore Sanner presenterte også dei økonomiske rammene for norske kommunar og fylke for neste år.
Kommunane får meir å rutta med – mellom 6 og 7 milliardar, melder NRK. Av desse milliardane er opp imot fem frie midlar, men mesteparten av pengane går med på pensjonistar, barnehagebarn og andre lovpålagde oppgåver.
LES OGSÅ: – Slutt med å laga barn og engasjer dykk!
NRK har rekna seg fram til at dei nye økonomiske rammene gir ei realvekst på mellom 1,3 og 1,5 prosent. Det er mindre enn mange forventa.
– Det vil alltid vera slik at ein har høgare forventingar enn det som ein kan innfri, men dette er gode rammer for kommunane, og veksten er på nivå med det som har vore dei siste åra, seier Jan Tore Sanner, ifølgje NRK.
Dei ekstra milliardane som går til kommunane neste år er mykje grunna demografiske endringar. Fleire blir eldre, og fleire har barn i barnehagen – det kostar pengar. Dessutan er meir av dei frie midlane lagt føringar på. 400 millionar skal gå for å styrka rusomsorga, 200 millionar skal styrka helsestasjonane og skulehelsetenesta, og 400 millionar skal gi eit meir fleksibelt barnehageopptak.
Til slutt blir det ikkje så mykje meir frie midlar som mange håpa. Det handlar også om mykje mindre skatteinntekter i fjoråret enn venta.
Skuffa
KS er skuffa over summen kommunane får. No må mange budsjett ta omsyn til lågare inntekter enn det som var venta då budsjetta vart teikna ut – og KS fryktar at skattesvikten kan bli verre utover året, melder NTB.
– Det handlar ikkje først og fremst om pengar til kommunane, men om skular, barnehagar, pleie- og omsorgstenester, barnevern og ei rad andre tenester innbyggarane er heilt avhengige av. Derfor er det viktig og bra at regjeringa kompenserer for tapte inntekter, men like viktig å erkjenna at kommunane framleis vil ha ein svært krevjande jobb med å levera dei velferdstenestene regjering og storting har pålagt dei å levera, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen til NTB.
LES OGSÅ: – Enklare å bli høyrt i små kommunar
Med dei nye økonomiske rammene kjem også ein ny skattemodell – no skal kommunane sjølv få behalda meir av den lokale selskapsskatten.
– Me ønskjer at kommunane skal få behalda ein del av den lokale verdiskapinga. Me meiner det er viktig at dei kommunane som legg til rette for lokal verdiskaping, skal få behalda noko av gevinsten, sa Sanner ifølgje NTB. Desse endringane blir gjeldande først i 2017.