Medan mange tek ferie, held ungdomsklubben ope kvar dag

På Central Park ungdomscafé på Tøyen er dørene opne kvar dag gjennom sommaren. For ungdommane handlar klubben først og fremst om å møte andre. Men eit slikt tilbod har ikkje alle ungdommar i Noreg tilgang til.

Madelen Kloster
Publisert

Ein gjeng jenter sit samla rundt eit bord og spelar Uno. Nokre meter unna sprett bordtennisballen fram og tilbake, medan biljardkulene klakkar mot kvarandre.

Rundt TV-skjermen har fleire gutar samla seg og byter på å halde FIFA-kontrollen, medan musikken strøymer ut frå ein høgtalar på golvet. På bordet står saft og skåler med chips. Plutseleg spring fleire ungdommar ut døra og nokre sekund seinare er ein vasskrig i gang utanfor.

Betre enn å henge på gata

– Det er mykje betre å vere her enn å henge ute på gata. Derfor er det ekstra viktig at klubben held ope om sommaren, seier Zohir (18), som til vanleg er mest på ungdomsklubben på Ammerud.

Litt seinare kjem Benhur (17), Yusuf (17) og Aziz (17) gåande bort til gjengen som sit samla framfor TV-en og spelar FIFA. T-skjortene er framleis våte etter den spontane vasskrigen som nettopp fann stad utanfor.

Gutane fortel at ungdomsklubben er ein god stad for å bli betre i norsk saman.

Det er ein heilt vanleg sommarettermiddag på Central Park ungdomscafé, som held til på Tøyen. Her held klubben ope kvar einaste dag gjennom ferien.

Emma Bodman, generalsekretær i Ungdom og Fritid, meiner fritidsklubb bør bli ei lovpålagt oppgave for kommunane. | Foto: Morten Fredriksen / Ungdom og Fritid

Ikkje alle har same tilbod

Ifølgje Statistisk sentralbyrå finst det 728 kommunale fritidsklubbar i Noreg. I tillegg finst det fleire frivillig drivne fritidsklubbar, opplyser Ungdom og Fritid. Samstundes manglar rundt 70 kommunar framleis ein kommunal fritidsklubb.

Generalsekretær Emma Bodman i Ungdom og Fritid meiner det er ekstra viktig at klubbane som finst, held ope gjennom sommaren. Når skule og andre fritidsaktivitetar tek ferie, forsvinn nemleg dei sosiale møteplassane for mange unge.

Bodman meiner det er eit problem at så mange kommunar framleis står utan klubb – og vil ha ei lovendring.

– 70 kommunar utan klubb er altfor mange. Det betyr at barn og ungdom i desse kommunane ikkje har eit fullverdig fritidstilbod. Vi meiner alle unge skal ha tilgang til ein trygg, gratis og rusfri møteplass i nærmiljøet sitt. Derfor bør fritidsklubb bli ei lovpålagt oppgave for kommunane, avsluttar ho.

Kalid (17) speler FIFA på Central Park ungdomscafé. | Foto: Madelen Kloster / Framtida.no

– Det viktigaste er å møte nye folk

Kalid (17) har brukt ungdomsklubben i om lag eitt år. Når han kjem hit, går det ofte i FIFA, biljard eller bordtennis. Men aktivitetane er ikkje det viktigaste.

– Ungdomsklubben er ein stad der eg kan bli kjend med mange ulike menneske. Det er det viktigaste, seier han.

Alltid klar for bordtennis

Ved bordtennisbordet slår Mutamil (18) ballen fram og tilbake. Han var også på ungdomsklubben for første gang for om lag eit år siden.

– Eg har det så gøy her! seier han.

– Her får ungdom øve seg på å møte ulike menneske

Øystein Sørum (30) har jobba på Central Park ungdomscafé i fem–seks år. Han byrja under koronapandemien.

Han fortel at det jamt over kjem mange ungdommar innom, sjølv om besøkstalet varierer frå årskull til årskull.

– Ungdomsklubben er ein ekstremt viktig stad for menneskemøte som både kan vere givande og utfordrande. Her får ungdom øve seg på å vere saman med folk som er ulike dei sjølve, seier han.

Han meiner slike møte skaper augeblink ungdommane tek med seg vidare.

– Det finaste med å ha ein ungdomsklubb, er at menneske får oppleve magiske augeblink kvar einaste dag.

Fleire jenter finn vegen til klubben

Thevaki Thevanesan (23) har jobba på ungdomsklubben i tre år. På den tida har aktivitetstilbodet endra seg.

Tidlegare var det langt fleire gutar enn jenter som brukte klubben. Etter at dei starta faste jente- og gutegrupper, har deltakinga frå jentene auka betydeleg, fortel ho.

Nokre finn fram til klubben gjennom sosiale medium eller plakatar. Medan mange kjem fordi dei har høyrt om tilbodet frå venner på skulen eller rett og slett har gått forbi.

Thevanesan meiner noko av det viktigaste med klubben er at ungdommane får vere seg sjølve.

– Elles i livet møter dei mange normer og reglar som dei må forhalde seg til. Her kan dei kome som dei er. Dei kan finne styrkane sine og utvikle seg i fellesskap med andre, seier ho.