– Enklare å bli høyrt i små kommunar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bli høyrt i små kommunar

Denne veka var 200 deltakarar samla til stormøte i Ålesund for å diskutere kommunereforma. Professor Bjarne Jensen meiner at me ikkje treng ei storstilit kommunesamanslåing i Noreg. Han åtvara mot at færre kommunar kan gå ut over demokratiet, skriv Sunnmørsposten.

– Det er ikkje slik at dei mest kunnskapsrike vil bli politikarar. Me ville få ein meir elitepolitikk, der politikk blir karriere. Resultatet kan bli politikarar me ikkje er tente med, sa han.

Til stades var også representantar frå Ungdomspanelet i Møre og Romsdal. Der sit både Aurora Dimmen Brattli (ungdomsrådsleiar i Ulstein) og Marthe Hansen (ungdomsrådsleiar i Hareid) til stades på møtet.

– Med større kommunar aukar behovet for å ha organisert verksemd for ungdomen for å tale ungdomens sak. I små kommunar er det enklare å høyre på ungdomen. Ein kan gå til dei direkt. I store kommunar er det høgare terskel for kva du kan gjere, sa Marthe til Sunnmørsposten, og Aurora D. Brattli og Åse Kristin Ask Bakke (frå Sula) var einige.

Ungdomane såg elles både fordelar og ulemper med å slå saman kommunar. Marthe ønskjer meir informasjon og fakta før ho kan seie om hao er for eller imot kommunesamanslåing. Uansett meiner dei at Ungdomsrådet og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal bør få ein meir sentral rolle i kommunereforma.

Les saka i Vikebladet!