Høgskular i distrikta har størst auke
Høgskulen i Sogn og Fjordane har ein auke på 28 prosent i søkartalet. – Nøgde studentar gjev resultat, seier studentleiar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Størst auke i distrikta
Aldri før har så mange søkt om høgare utdanning i Noreg. Og størst auke er det utanfor dei store byane.
– Ryktet går om nøgde studentar. Eg er overtydd om at Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt fokus på studiekvalitet og dei gode tilbakemeldingane frå noverande studentar gjev oss eit fortrinn i rekrutteringsarbeidet, seier Tollak Kaldheim, leiar av Studentparlamentet ved høgskulen.
Til Framtida.no seier han at han trur fleire unge ser på Studiebarometeret og studentane sin opplevde kvalitet når dei vel studiar.
Medan institusjonar som Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og NTNU har ei svakare utvikling i søkjartal enn landssnittet, syner tal frå Samordna opptak at mange av dei mellomstore høgskulane har ei sterkare utvikling.
LES OGSÅ: Her er dei mest populære studiane
Mange unge søkjarar
– Aldri har så mange 19- og 20-åringar søkt utdanning hos oss, fortel rektor Åse Løkeland i ei pressemelding frå HiSF.
– Det er flott at høgare utdanning utanfor dei største byane er attraktivt. Unge er truleg ikkje so einsidig fokusert på bylivet som ein kan få inntrykk av. Eg veit me har mange kvalitetar som lokkar ungdom til høgskulen.
Det er òg ein auke i søkjarar som kjem frå andre plassar enn Sogn og Fjordane. Tradisjonelt sett har høgskulen hatt om lag 50 prosent av søkjarane frå andre deler av landet, medan i år er meir enn 60 prosent av søkjarane frå andre fylke. Til dømes har tal søkjarar frå Hordaland auka med 42 prosent frå i fjor.
LES OGSÅ: HiSF: – Eit konkurransefortrinn å halda fram åleine
God rekruttering til lærarutdanning
I ei tid med mykje fokus på høgskulen si framtid og nye krav til den kommande femårige lærarutdanninga, er Løkeland spesielt nøgd med utviklinga når det gjeld søkjarar til lærarutdanning.
– Betre rekruttering til lærarutdanninga vår er svært viktig med tanke på framtida. Utviklinga hos oss er veldig god samanlikna med dei nasjonale trendane, og me treng ei god lærarutdanning i fylket, seier Løkeland.
Ho synest det er flott at høgare utdanning utanfor dei største byane er attraktivt.
– Fantastiske tal
I Møre og Romsdal er Høgskolen i Ålesund vinnaren. Med nesten 15 prosent auke er Ålesund best i fylket, og auken er meir enn dobbelt så stor som landssnittet.
– Dette er fantastiske tal, seier rektor Marianne Synnes i ei pressemelding. Høgskolen har fått mykje merksemd den siste tida på grunn av godt samarbeid med arbeids- og næringslivet. Fusjonen med NTNU har truleg òg noko å seia.
Også dei nyaste universiteta, i Stavanger, Agder og Nordland opplever ein vekst på godt over 10 prosent.
Lærestad |
Søknader førsteval |
Endring% |
|
2014-mai |
2015-mai |
||
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo |
966 |
972 |
+0.62% |
Ansgar Teologiske Høgskole |
161 |
149 |
-7.45% |
Diakonhjemmet Høgskole |
1292 |
1448 |
+12.07% |
Dronning Mauds Minne Høgskolen |
361 |
387 |
+7.20% |
Fjellhaug Internasjonale Høgskole |
60 |
79 |
+31.67% |
Høgskolen Betanien |
216 |
249 |
+15.28% |
Høgskolen i Buskerud og Vestfold |
4156 |
4351 |
+4.69% |
Høyskolen Diakonova |
170 |
197 |
+15.88% |
Haraldsplass diakonale høgskole |
240 |
233 |
-2.92% |
Høgskolen i Bergen |
4972 |
5455 |
+9.71% |
Høgskolen i Gjøvik |
1698 |
1988 |
+17.08% |
Høgskolen i Harstad |
492 |
602 |
+22.36% |
Høgskolen i Hedmark |
3299 |
3417 |
+3.58% |
Høgskolen i Lillehammer |
2300 |
2630 |
+14.35% |
Høgskolen i Molde |
875 |
851 |
-2.74% |
Høgskolen i Narvik |
559 |
475 |
-15.03% |
Høgskolen i Nesna |
309 |
348 |
+12.62% |
Høgskolen i Nord-Trøndelag |
1629 |
1826 |
+12.09% |
Høgskolen i Oslo og Akershus |
13796 |
14095 |
+2.17% |
Høgskulen i Sogn og Fjordane |
1216 |
1551 |
+27.55% |
Høgskolen i Sør-Trøndelag |
5471 |
5834 |
+6.63% |
Høgskolen i Telemark |
3042 |
3484 |
+14.53% |
Høgskolen i Ålesund |
1146 |
1317 |
+14.92% |
Høgskolen i Østfold |
2797 |
3008 |
+7.54% |
Høgskolen Stord/Haugesund |
1161 |
1176 |
+1.29% |
Høgskulen i Volda |
1247 |
1200 |
-3.77% |
Lovisenberg diakonale høgskole |
423 |
534 |
+26.24% |
Det teologiske Menighetsfakultet |
184 |
207 |
+12.50% |
Misjonshøgskolen |
58 |
67 |
+15.52% |
Norges Handelshøyskole |
2018 |
2117 |
+4.91% |
Norges idrettshøgskole |
970 |
988 |
+1.86% |
NLA Høgskolen |
638 |
842 |
+31.97% |
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet |
2816 |
2856 |
+1.42% |
Noroff University College |
65 |
67 |
+3.08% |
Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet |
12024 |
12391 |
+3.05% |
Politihøgskolen |
2926 |
3421 |
+16.92% |
Sámi allaskuvla / Sámi University College |
32 |
30 |
-6.25% |
Universitetet i Agder |
5938 |
6664 |
+12.23% |
Universitetet i Bergen |
8611 |
9024 |
+4.80% |
Universitetet i Nordland |
2047 |
2425 |
+18.47% |
Universitetet i Oslo |
17003 |
17764 |
+4.48% |
Universitetet i Stavanger |
4893 |
5659 |
+15.66% |
UiT Norges arktiske universitet |
5637 |
5551 |
-1.53% |
Totalt |
119914 |
127929 |
+6.68% |