Er ballett berre for jenter?

«Eg trudde ballett var jenter som gjekk på tærne med rosa strutteskjørt» fortel ein av gutane i dokumentarfilmen «Ballettguttene» som har premiere denne helga.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ofte slik at vi tenkjer på ballerinajenter i strutteskjørt eller som kvite svaner i Svanesjøen når vi høyrer ordet ballett. Men kva med gutane? Høyrer ikkje dei òg til i balletten? 

LES OGSÅ: – Det er dei små augneblinka ein hugsar

Tre gutar i ei mengd med jenter

I «Ballettguttene» følgjer vi dei tre gutane Syvert, Lukas og Torgeir og deira veg mot draumen om å bli profesjonell dansar. Fyrste gang vi møter dei er dei fjorten år og går på ungdomsskulen. Filmen legg mykje fokus på vennskapen mellom dei tre, men løftar òg fram temaet om gutar i ballett. Vi får eit innblikk i deira tankar om det å bli dansar og det at å vere gut i ei jentemengd. Vi får òg sjå det store presset med å satse på idrett som yrke.

LES OGSÅ: – Ikkje fortel læraren at du er åleine

Få gutar i Den Norske Operaen
På Den Norske Operaens heimeside kan ein lese at der er 120 elevar mellom 6-16 år, der 25 er gutar. Det står vidare at eit element dei har teke i bruk for å rekruttere fleire gutar, er å tilby akrobatikk i tillegg til dansefaga. Kvifor er det slik? Er det feminint å vere så sterk at ein kan bere ein annan person over scena? For å kunne halde ei god førestilling er ein ofte avhengig av begge kjønn for å skape ein god dynamikk.

LES OGSÅ: Krokrygga søsken vann europeiske filmhjarte


Frå venstre Lukas Bjørneboe Brændsrød, Torgeir Lund og Syvert Lorenz Garcia har hovudrollene i dokumentarfilmen «Ballettguttene» av Kenneth Slotterøy Elvebakk. Foto: Tour de Force

Idrett som yrke
Presset i idrett er eit kjent tema. Gutane får ofte spørsmål om kva dei skal gjere dersom dei ikkje kjem inn på danseskulen.  Kva gjer ein då? Når ein har ofra så mykje fritid, vener og kanskje ikkje gjer det så bra på skulen? Dette er ikkje spørsmål som berre gjeld ballett, men det viser kor mykje ein må jobbe og trene for å komme seg oppover. I løpet av filmen tek Syvert pause frå balletten fordi han er usikker på om det er dette han verkeleg vil. Gutane fortel at dei har vore usikker på om det å satse på dans er det rette og at det er vanskeleg å balanser både trening og fritid. 

LES OGSÅ: – Ikkje alle kan verte filmregissør

Viktig å vere i god fysisk form
Ballett er ikkje den beste idretten for kroppen og gir ofte slitasje i kne og ankel. «Ballett øydelegg kroppen» seier Torgeir i filmen. Under opptaket til vidaregåande må gutane gjennom medisinsk test, noko som viser kor viktig det er å vere i god fysisk form for å leve av idrett. «Kva om du blir skada?» er eit spørsmål som dukkar opp i filmen. Det er mange utfordringar ved å satse på idretten og både læraren og foreldra til gutane er oppteken av at dei skal få gode karakterar slik at dei har noko å falle tilbake på dersom dei ikkje oppnår målet med å bli profesjonell dansar.  

LES OGSÅ: Operaambassadørane

Er idretten kjønna? 
Ballett blir ofte sett på som ein jenteidrett fordi idretten består av flest jenter og blir framstilt som feminint. Men kva med andre idrettar som fotball, basketball og hockey der det er ein mannleg dominans? I dei siste åra har kvinnefotball blitt meir vanleg, men får ofte kritikk fordi nokre meiner at kvinnene ikkje er gode nok i fotball. 

«Ballettguttene» har premiere denne helga og er ein fin film som viser utfordringar, vennskap og gode danseferdigheiter.