Søsken vann amerikanske filmhjarte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søsken vann amerikanske hjarte

Regissør Frode Fimland seier til NRK Sogn og Fjordane at han vart mållaus då den gjævaste prisen på dokumentarfilmfestivalen i Missoula i delstaten Montana, gjekk til «Søsken til evig tid» – kalla «Siblings Are Forever» der borte.

LES OGSÅ: Søskenfilm er for populær 

Frå pol til pol
Filmen frå 2013 har vunne prisar her heime og også blitt nominert til Gullruten og Folkets Amanda. Før jul vann han publikumspris i Polen. Men pris var ikkje i Fimlands tankar då han reiste over til den største dokumentarfilmfestivalen i Midtvesten. Filmen om dei to søskena og deira enkle, naturnære liv på garden, erobra sjølve hovudprisen for beste kinodokumentar.

– Eg var berre glad for at eg fekk vise filmen og at han trefte publikum, seier han til NRK. På Big Sky-festivalen blir det presentert rundt 125 dokumentarfilmar, og det er meir enn 75 tilreisande filmskaparar.

– Dette er ein kjempestor festival, og berre det å få vise ei historie frå Naustdal i USA var stort for meg, seier Fimland, som seier det var det visuelle og historia som trefte juryen.

No håpar den norske dokumentaristen at det å få pris i USA vil bli lagt merke til blant andre festivalar og ikkje minst filmdistributørar. (©NPK)